Per Basol (1887–1971)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Per Basol (1887-1971)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigdal Museum (Inventarnr.: SEM.F.00251)
Andreas Mørch (Sigdal og Eggedal, bind 4, 1964)

Peder Knudsen Basol (fødd 17. juli 1887 i Eggedal, død 25. august 1971 same stad)[1][2][3] var rosemålar.

Foreldra hans var Ingrid Pedersdotter Basol (1850–1937) og Knud Olsen Bjørnerud (1853–1916).

Dekorasjonsmåling vart vanleg i Eggedal i siste halvdel av 1700-talet. Fram til ut på 1860-talet var det fleire eggedølar som dreiv som rosemålarar.[4] Da Per Basol vaks opp, var det ikkje lenger eit levande rosmålingsmiljø i dalen, men tradisjonen var kjend og det fanst mange døme frå den tida da rosemålinga var mest utbreidd. Per Basol tok til å måla i 1907. Han lærte av det dei gamle rosemålarane i Eggedal, Numedal og Halingdal hadde måla, og arbeidde i tradisjonen frå rundt 1850.[5][6]

Basol var også snikkar, og det er mange tre- og rosemålingsarbeid i Eggedal og Sigdal som han har laga.[7]

Basol vaks opp i husmannsplassen Basol under Øvre Kleiv i Eggedal.[8] I 1928 kjøpte han Åmli i Eggedal. Han flytta kvernstua i Basol til Åmli og nytta ho som verkstad. I dag står denne stua på friluftsmuseet åt Drammens Museum i Bragernesåsen i Drammen.[5] Stua Per Basol budde i, er flytta til Eggedal mølle som ligg under drifta av Sigdal Museum.[9]

Per Basol fekk Kongens fortenstmedalje i 1967.[10]

Han er gravlagd på kyrkjegarden i Eggedal.[2]

Referansar

  1. https://media.digitalarkivet.no/view/1219/37
  2. 2,0 2,1 https://www.slektogdata.no/gravminner/grav/296186c9-f6da-4ffb-9f86-20f344015a4e
  3. Per Basol i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet
  4. Andreas Mørch (1964): Sigdal og Eggedal, bind 4, 714–716
  5. 5,0 5,1 http://drammens.museum.no/arkitektur/friluftsmuseet
  6. Andreas Mørch (1964): Sigdal og Eggedal, bind 4, 716
  7. Digital utgave av Sigdal og Eggedal bind VI-X - Sigdal Museumwww.sigdalmuseum.no › SE-VI-IX-Kommentarutgave
  8. Andreas Mørch (1954): Sigdal og Egedal, bind 5, 1116
  9. http://www.sigdalmuseum.no/eggedal-molle/
  10. https://www.kongehuset.no/tildelinger.html?tid=88621&sek=27337&q=basol&type=&aarstall=