Peter Andreas Lillebø
Peter Andreas Lillebø (fødd 11. juli 1859, død 26. februar 1942) var lokalhistorikar i dåværande Sunnylven kommune, no Stranda.
Lillebø var bonde og lærar i heimbygda. Ei tid var han også ordførar i gamle Sunnylven kommune. Han vart tidleg interessert i lokalhistorie og tok til å samle inn folkeminne og skrive av gamle brev som låg rundt om på gardane. I 1932 sendte han ei lita samling med sagn frå Maradalen i Hjørungfjorden til Norsk Folkeminnesamling. Seinare, når han hadde høve til det, kom han i gang med arkivgransking. Han fekk ikkje oppleve å sjå det store arbeidet sitt på trykk. Men arbeidet med bygdebøkene for Sunnylven og Geiranger vart ført vidare av sonen Aamund Lillebø og svigersonen Ingebrigt Karbø. Seinare kom også Aamund Lillebø sin svigerson Thorleif Hauso med i arbeidet. Kultursoga vart utgitt i 1949 og Gards- og ættesoga i 1972. Begge bøkene er seinare omarbeidde og oppdaterte i nye utgåver.
Bibliografi
- P.A. Lillebø: Sunnylven og Geiranger, ved Ingebrigt Karbø og Aamund Lillebø, Hellesylt 1949.
- P.A. Lillebø: Sunnylven og Geiranger II Gard og ætt, ved Ingebrigt Karbø, Aamund Lillebø og Thorleif Hauso, Hellesylt 1972.
- P.A. Lillebø: Sunnylven og Geiranger II Gard og ætt, ved Ingebrigt Karbø, Aamund Lillebø og Thorleif Hauso, Stranda 1993.
- P.A. Lillebø: Sunnylven og Geiranger I , ved Ingebrigt Karbø, Aamund Lillebø og Thorleif Hauso, Stranda 1999.