Porsgrunds Skibsbygningsselskab

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Porsgrunds Skibsbygningsselskab blei starta i 1860-åra av Louis Vauvert. Selskapet blei opprinneleg starta under namnet "Forsøket". Då selskapet viste seg å vere gunstig blei det utvida under namnet "Moldhaugens Skibsbygningsselskab", også kalla Porsgrunds Skibsbygningsselskab. Verkstaden låg på Moldhaugen i Porsgrunn.

Vauvert vart sjølv disponent i selskapet, medan Lars Grothnæs var byggmeister. Innan 1882 hadde selskapet bygd ti skuter - dei fleste for salg. Etter dette dreiv selskapet hovudsakeleg med reparasjonar, fram til det gjenoppstod som skipsbygningsselskap under 1. verdskrig.

Arkiv

Delar av arkivet etter Porsgrunds Skibsbygningsselskab er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder

  • Tønnessen, Joh. N., Porsgrunns historie. 2 : Fra trelast og skipsfart til industri 1807-1920, Porsgrunn : Porsgrunn kommune : I kommisjon hos H. Joh. Dyring, 1957. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.