Positiv

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit positiv er eit lite, flyttbart orgel med eitt manual (tangentbrett) og berre labialstemmer. Det har ikkje pedal. Instrumentet kom i mellomalderen fra 1100-tallet og eldre. Positiva var særleg populære frå 1500- til 1700-talet, men finst også seinare.

Ei lirekasse kan vere bygd som eit positiv, så med rull som speler automatisk i staden for manual. Særleg på 1800-talet er det ikkje uvanleg at ein meiner ei lirekasse når noko kallast eit positiv.

Det kan også vere namnet på eit mindre verk på eit større orgel, gjerne satt i koret eller bak organisten sin rygg – då kalla ryggpositiv. Organisten speler på de frå eit særskild manual.

Litteratur