Posten i Eikefjord
Posten i Eikefjord
Eikefjord
Sørbøen
Alt i 1870 søkte Samson Hopen om å få opne eit postopneri i Eikefjord og i 1879 gjentok folket i Eikefjord søknaden. Kinn herrad støtta søknaden på grunn av at Eikefjord låg isolert og sognet hadde omtrent 1000 innbyggarar.
Det var naturleg ar det den 01.07.1881 vart oppretta eit postkontor i Eikefjorden, og Samson S. Hopen vart den første styraren av postopneriet. Samson hadde lenge drive handel i Eikefjorden.
Solstrand, Sentrum
Dotter til Andreas, Annie, hadde ungdomsskulen i Førde. Ho hadde ofte hjelpt faren, og vart tidleg autorisert som assistent med løyve til å underskrive tilvisningar. Då han gjekk av, prøvde postmesteren i Bergen å få til samlokalisering av post og rikstelefonen, menn Kinn herrad gjekk imot dette.
Annie tok over som poststyrar. Tilsetjingsbrev vart sendt den 27.09.1929. Lokala på Sørbøen var ikkje gode nok lenger, og posten vart i 1930 flytta til Solstrand der mannen til Annie, Erik Sigvald Havn, bygde opp trevarefabrikk
Hovland
Dotter til Annie, Olina, hadde tatt handelsskulen i Florø. Frå ho var liten av hadde ho hjelpt mora med posten. Det var difor naturleg at ho tok utdanning i posten, og ho vikarierte for mora i hennar sjuksomsperiodar. Ho vart konstituert som poststyrar i 1957 og fast tilsett i 1959.
Huset der posten heldt stad, vart rive, og posten flytta opp i kjellaren til det huset Olina og Ola Endestad kjøpte i 1958. Her var posten til 1969.
Sentrum
Posten vart flytta til forretningsbygget til Audvin Eikefjord i sentrum. Med utvidinga av postrutene til Høydalane og Stavang blei igjen postkontoret for lite og posten flytta til Sjøhuset i oktober 1998. Sidan 2001 har Eikefjord hatt Post i Butikk. Opningstidene på posten har dermed følgt opningstidene til Spar-butikken
Barlindbotn
I samband med båtruta var det naturleg å opprette poststad. I første omgang vart det eit brevhus, og Ludvik M. Kalsvik vart brevhusbestyrar. Den 01.10.1929 gjekk brevhuset over til postopneri, og Ludvig vart sjølvsagt styrar av postopneriet.
Livresund
23.12.1899 vart brevhuset oppretta i Leversund. Salomon Sundal hadde ein liten plass i Livresundet eit par år, så fekk han seg land på sørsida av fjorden, i Fjellvika. Han tok husa og posten med seg over dit.
Med vegen til Eikefjorden var ikkje lenger Fjellvika å rekne som eit knutepunkt. Det vart også einsamt i fjellvika, og Josefine Bolette flytta i 1958 til Hatleset, og tok posten med seg dit.
Ostunet (Svardalsosen)
Den 1.1.1943 vart det oppretta postopneri i Osen. Å setje namn på det nye postkontoret var vanskeleg. Namnet Osen er svært vanleg, og valet fall difor på Svardalsosen.
Namnet Svardalsosen skapte visse vanskar. Folk kopla ikkje dette namnet til Osen, og difor søkte ein om å få endre namnet. Dette vart innvilga, og frå 1.10.1947 heitte postopneriet Ostunet.
Posten vart nedlagt 1.10.1959.
Landpostruta Ramsdal – Eikefjord
Ruta frå Eikefjorden til Ramsdalen vart oppretta den 01.04.1900. Første landpostbodet var Thomas E. Ramsdal. Ruta var 2 ganger for veka, gåande frå Ramsdalen om Svarthumle og Langedalen til postopneriet i Eikefjord og same veg tilbake.
Då Thomas gav seg etter nådd pensjonsalder i 1930, tok Elias Ramsdal (f. 13.08.1883) over landpostruta etter faren. Vegen frå Eikefjord og oppetter dalen var no blitt slik at det var mogleg å nytte sykkel.
Torleif Endestad overtok 1. mai 1958 som bilande postbod. Ruta vart køyrd alle kvardagar innkludert laurdag.
Landpostruta Løkkebø – Eikefjord
Løkkebø – Eikefjord vart oppretta den 01.07.1906. Ruta var målt til 24 km. 2 gangar for veka, gåande, frå Løkkebøen om Øren og Knapstad til postopneriet i Eikefjord. Etter at vegen vart anlagt frå Øren til Storebro blei veglengda Løkkebø – postopneriet 13 km. Tur retur 26 km.
Torleif Endestad overtok 1. mai 1958 som bilande postbod. Ruta vart køyrd alle kvardagar inkludert laurdag.
Landpostruta Eikefjord – Steindal/Osen
Postmeisteren i Florø prøvde i 1931 å få igang ei landpostrute Osa – Vasset - Sunnarvik – Stegane – Storevik – Eikefjord. Eikefjord heradsstyre gjekk sterkt inn for at nemnde landpostrute vart satt i gang.
Torleif Endestad vart tilsett som landpostbod i Eikefjord 1.mai 1958. Han fekk også ruta til Steindalen og Svardal/Osen, men kunne først berre køyre til Vasset. Ruta vart køyrd alle kvardagar inkludert laurdag.
Då vegen til Svardal var ferdig vart postruta utvida til Steindal, Svardal og Osen. Samtidig blei Ostunet postopneri nedlagt.
Landpostruta Leversund - Eikefjord
Måndag den 4.9.1967 køyrde Torleif Endestad den første turen på postruta Leversund-Eikefjord.
Landpostruta Eikefjord – Barlindbotn - Sandvik
Då Barlindbotn vart nedlagt som postopneri i 1970, gjekk Mathias Kalsvik inn i stilling som landpostbod på strekningen Eikefjord – Barlindbotn – Hopen – Høydalsfjord – Nyttingnes – Sandvik etter kvart som desse poststadane vart lagde ned.
Kilde:
Posten i Florø - Bjarte Sindre.
Arve Havn
Oline Endestad