Røldalsvegen og Gågata i Odda

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Røldalsvegen»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Starten på Gågata og handlegata i Odda.
Foto: Dag Endre Opedal.

Røldalsvegen, som den noverande gågata er ein del av, er den eldste hovudvegen gjennom Odda. Vegen starta ved sjøen på Almerket nordvest for kyrkja og gjekk strake vegen opp forbi dei flate bøane før han tok opp Tungebrekke, over Eidesmoen og opp i Eidesåsen.

Kyrkja har vore eit tyngdepunkt og avgjerande for kvar vegane i Odda har gått sidan 1200-talet. På Almerket eller Almenningen der kyrkja låg, hadde alle lov å gå i land. Almannavegen gjennom Odda-dalen førte difor til eller frå kyrkja og sjøen og hadde fri ferdsel for alle.

Røldal-Haukelivegen

Vinkelgården ligg i Røldalsvegen 21 og 23.
Foto: Harald Hognerud.

Frå 1876 var det på sommarstid opna samanhengande køyreveg for hest og kjerre frå Almerket i Odda til Røldal. Derifrå kom det veg gjennom Bratlandsdalen frå Nesflaten og Sand. Tretten år seinare, i 1889, var vegen ferdig frå Røldal over Haukelifjellet. Gata og vegen gjennom Odda sentrum har difor også hatt namnet Røldal-Haukelivegen ein periode. No heiter gata Røldalsvegen heilt opp til Vasstun bru, ca 2 kilometer lenger sør.

Souvenir-handel

Då Odda utvikla seg som tettstad og turistmål, kom dei største hotella og dei første souvenir- og turistbutikkane langs postvegen. Ola O. Hagens bokhandel er det eldste huset som står langs gata i dag. Nokre av dei andre bygningane er også sentrale i byhistoria for Odda.

By og land møttest i Røldalsvegen

Røldalsvegen gjennom sentrum har også vore bruka som buføringsveg. Fleire av gardane utover langs Sørfjorden hadde og har stølsrettar på Seljestadfjellet og i Reinsnos. Andre leigde beite på stølane i Røldal og Valldalen. Dei kom med buskapen i båt til Almerket og gjekk eller «drifta» til eller frå fjellet gjennom Røldalsvegen til langt opp på 1940-talet. Då kyrne kom forbi dei store vindauga i butikkane, såg dei undrande inn på spegelbiletet sitt, og butikkpersonalet var ofte redde for å få vindauga stanga inn.

Vegen gjekk fram til kyrkja

Fram til Røldalsvegen blei regulert som gågate rundt 1980, var denne gata riksvegen eller hovudvegen gjennom Odda. Tyssedalsvegen kryssa Røldalsvegen som gjekk forbi det store trebygget etter Hotel Hardanger og fram til Almerket nord for kyrkja. Då det store hotellbygget eller «gamle rådhuset» blei rive i 1977/78 og «Almerkeparken» kom på tomta, vart denne vegaksen nesten borte, men gangvegen gjennom parken fører Røldalsvegen fram til kyrkja.

Glade hjørna, Gågata og Firkanten

Den mest hektiske og kjende staden i Røldalsvegen var lenge i krysset med Tyssedalsvegen. Mange ungkarar og ungdomar samlast her, og staden blei kalla «Det glade hjørna» eller berre «Glade hjørna».

Gågata startar her, og dette er «tyngdepunktet» for handlegata i Odda. Namnet «Hjørna» er til ein viss grad framleis i bruk, men yngre oddingar sitt møtepunkt er «Firkanten» som er kallenamnet på det oppmurte blomebedet utanfor Vikne Sport og Espeland Dame.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå Norsk Vasskraft- Og Industristadmuseum v/Dag Endre Opedal, 2014.


Koordinater: 60.0608927° N 6.5495872° Ø