Rasfare på Tonheim
Rasfare på Tonheim, Eikefjord, Kinn kommune
I matrikkelen frå 1723 blei det nemnt at gardane på Tonheim låg farleg til for fjellskred.
Dommar og 8 menn hadde i 1786 synfaring etter jordskade i såtida i 1784. I regnvêr losna ein stor stein i fjellet og for rett til sjøs. Den reiv med seg åker, eng og 7 hus hjå Bertel Hallvardson. Ei bu stod igjen, også denne noko skada. Skatten for denne garden vart sterkt redusert.
I 1936 behandla Eikefjord kommune skriv frå oppsitjarane på Tonheim. Dei bad om at fjellet over Tonheim vart granska. Statsgeolog Arne Bugge skulle til Vevring og Eikefjord kommune bad om at han også kom på synfaring i Eikefjord. Svar fekk kommunen i 1938 og i september same året fekk kommunestyret skriv om kontrollboltar som var sett opp i fjellet.
REPORTASJE FIRDAPOSTEN 23/4-2016[1]
Dei store steinane på Tonheim vitnar om uroa i Strandafjellet. Asbjørn, Solfrid og Ellen Tonheim minnest barndommen på heimegarden før dei måtte flytte i 1969. Då vart tre familiar tvangsflytta fordi store steinblokker på Strandafjellet kunne skli ut. Asbjørn, som då var 14 år, huskar mykje snakk om rasfare. Faren hans, Peder, og familien måtte flytte, og naboane også.
Bestefaren til Asbjørn ville ikkje flytte, og døydde før han måtte, medan dei andre søskena minnest at det var vanskeleg å sove med all uro om ras. Likevel minnest dei oppveksten som fri, med leik på steinane og bading i sjøen. Huset deira er no borte, men løa er godt halden.
Asbjørn bur no i nærleiken, og sjølv om fjellet står stabilt i dag, er han den som besøker det oftast.
NVE har eit overvakingsprogram for fjellet, og dei måler utviklinga kvart tredje år. NVE meinte det var rett å tvinge familiane til å flytte på den tida, sidan naturen var i endring.
Tidlegare rapportar frå 1968-71 viste at blokkene rørte på seg, men ikkje i stor grad. På denne tida var det mykje frykt for ras og flodbølger, og ulike forslag blei lagt fram for å handtere faren, inkludert fråflytting eller sprenging av fjellet.
Referanse:
Firdaposten 23/4-2016
Kjelder:
Fylkesarkivet – Heradstyreprotokollar
Nb.no, Firdaposten
- ↑ Firdaposten 23/4-2016