Ratvika

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ratvika i Ålesund (tidlegare Borgund kommune) er i dag ei tett utbygd boligområde. Garden vart truleg rydda før vikingtid, og det har vore gjort fleire fornfunn der. Ratvik er ikkje nemnt i skriftlege kjelder før i 1600-åra, og då låg garden til Borgund sokneprestembete. Det gjorde han til ca. 1820, og frå den tid stod enkepensjonsfondet som offisiell eigar inntil garden kom på private hender i 1856. Garden Ratvik var lenge brukt av kapellanane i Borgund, og frå slutten av 1700-talet som prestenkesæte. I den eine borgstova på garden, på folkemunne kalla Strøm-stova, satt Hans Strøm og skreiv Sunnmørsbeskrivnaden rundt 1760.