Reinen på Sør-Georgia

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Reinen i Sør-Georgia»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein rein spring forbi dormande pingvinarSør-Georgia.
Foto: Liam Quinn
Kart over Sør-Georgia.

Reinen på Sør-Georgia vart introdusert av norske kvalfangarar i 1911. Dei norske kvalfangarane som hadde base på Sør-Georgia ønska å ha tilgang til ferskt kjøtt, og i 1911 kjøpte brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ti tamreinar (3 oksar og 7 simler) i Hemsedal i 1911 og sette dei ut ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snøras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken.

Nyare framlagte data tyder på at dyra som vart innført i 1925 kom frå same kjelda som dyra som vart innført i 1911. På grunn av belastninga reinane er for vegetasjonen på Sør-Georgia har det vorte vedteke at begge reinstammane der skal bort på sikt. For å bevara arvematerialet vart 59 reinkalvar frå Sør-Georgia flytta til Falklandsøyane i 2001 for etablering av reindrift der.

Bildegalleri

Kjelder