Rikstelefonlina i Hjartdal og Notodden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei av stolpene på rikstelefonlina i Hjartdal.
Foto: Heidi Thöni Sletten

Rikstelefonlina i Hjartdal og Notodden er det som står att av den gamle rikstelefonlina mellom Oslo og Bergen. Anlegget av rikstelefonlina vart starta i 1896, og 1. november 1900 lina vart opna 1900. Lina hadde opphavleg ein enkel leidning montert øvst på stolpen på en såkalla ”Keisar Wilhelms hatt”, men vart tidleg supplert med ein serie leidningar montert etter revolveringsprinsippet. Ved å dreie monteringsrekkefølgje frå stolpe til stolpe kunne ein unngå forstyrrande magnetfelt rundt leidningane som forstyrra lydkvaliteten.

Riksantikvaren fatta i 1996 vedtak om freding, med heimel i lov om kulturminnar, av strekket i Hjartdal og Notodden. I grunngjevinga står det at lina står som døme på utviklinga av telekommunikasjonen som følgje av store teknologiske nyvinningar i fyrste halvdelen av 1900-talet. Strekket i Hjartdal og Notodden består av stolpe 106–171 og 623–675 er den siste som er att av denne typen i Noreg. Lina er godt synleg frå europaveg 134.

Kjelder