Riska sokn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Riska sokn i Sandnes kommune vart oppretta i 1877 som Riskakverven sokn etter vedtak i årets fyrste møte i Hetland herredstyre. Riskakverven vart eige formannskapdistrikt med eige skole- og fattigvesen. Det skjedde etter ønske frå byggekomitéen for kyrkje i Riskakverven som ville at bygda skulle være eige sokn. frueHetland herredstyre vedtok einstemmig at Riska hadde rett til å møte med ein formann og tre representanter i herredstyret.

I 1878 møter 1 formann og 3 representanter fra Riskakverven for fyrste gang i Hetland herredstyre. Det var fyrste gong sidan 1861 at Riska møtte med eigen representasjon i herredstyre. Dette styrka sjølvtilliten i bygda som endeleg kunne vere med å bestemme i saker som vedgjekk bygda.

Alt i 1879 ønska Riska å verta meir fristilt frå Frue og Randaberg sokn og ha eigen ordførar og kommuneleiing. Dette vart godkjent av Hetland herredstyre 16. august 1879.

I 1881 skjer det endeleg oppgjøret mellom Riska og Frue sokn for eiendommer som sokna har felles eige. Etter dette har Riska ansvar for kyrkja i tillegg til skole- og fattigvesen. (Trekk av Hetlands historie 1814 – 1914).

Riskakverven sokn endra namn til Riska sokn ved kongeleg resolusjon 17. januar 1936.

Ordningen med soknekommunen vart avvikla sommaren 1951 etter lovvedtak i Stortinget i 1950. Det var Scheikomitéen som la fram forslag om å avvikle ordningen med soknekommune.

Riska sokn held fram i Hetland prestegjeld til 1. november 1967 då soknet vart overført til Høyland prestegjeld i Sandnes kommune etter kongeleg resolusjon 31. mars 1967. I 1988 skilte Riska sokn lag med Høyland prestegjeld og danna Riska prestegjeld saman med Høle sokn. Riska prestegjeld var ein del av Jæren prosti til 1. mai 1997 då kyrkjesokna i Sandnes kommune vart samla i Sandnes prosti. I 2004 vart den kyrkjeleg administration avvikla og Riska kyrkjesokn er nå ein del av Sandnes kyrkjelege fellesråd.

25. september 1999 vart nye Riska kyrkje viksla av biskop Ernst Båsland. Dette var ein stor dag for kyrkjelyden som hadde arbeida for å bygge ny kyrkje i fleire år. Arkitekt er Odd Magne Vatne som teikna ei flott og praktisk kyrkje med kontorfløy, kjøkken og fleire andre rom. Det er 520 sitteplasser i kyrkja. (Wikipedia). Den gamle kyrkja frå 1877 blei til Riska gamle kyrkje og nyttas mest som kulturkyrkje.[1]

  1. Trekk av Hetlands historie 1814 - 1914 Store norske Leksikon Eigen kunnskap