Rjukan hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rjukan hotell.
Foto: Ukjent / "Norske næringsliv" skannet side nr. 925. nb.no
Nasjonalbiblioteket

Rjukan hotell blei starta av Olav Lofthus i 1910. Hotellet trakk særleg til seg turistar som ville sjå den storslagne naturen på Rjukan. Frå hotellet vart turistane frakta av lokale bilruter og fjellbane. Hotellet var opent sumar som vinter.

Magnhild Lofthus var den som dreiv hotellet kring 1950. På denne tida var hotellet eit moderne hotell, og på værelsa fanst det både telefon og eigne bad.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.