Roing

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fire personar rør ein færøybåt.
Foto: Olve Utne (2015).

Roing er ein framdriftsteknikk for båtar der årane ligg an mot eit fast punkt i ripa — i motsetning til padling, der kvar år blir halden med to hender og ikkje ligg an mot ripa. Roing har fordelen framfor segling at ho er mindre avhengig av vinden, men samtidlig ulempa samanlikna med segling og padling at årane gjer båten meir plasskrevande. Kring Middelhavet har roing vore bruka sidan antikken. I Noreg har roing vore bruka i alle fall sidan tidleg folkevandringstid, som vi ser av keipa som hører til halsnøybåten, som er karbondatert til 400-talet. Roing og segling var hovudframkomstmidla for tradisjonelle båtar i Europa fram til motoriseringa som skjedde i løpet av 1800-talet og tidleg 1900-tal. I dag er roing mest bruka i fritidsfloten.

Keipar og tollepinnar

Årar

Roteknikkar

Hamling

Andøving

Kakøing

Androing

Vrikking

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!