Sørensbjørka
Sørensbjørka var eit legendarisk høgt tre som sto i nærleiken av Dugningshaugen i Atrå, Tinn kommune, på prestegarden sin grunn. Treet vart freda ved Kongelig resolusjon 19. januar 1917, men sto støtt enno i 25 år, før det fall under hardvinden sommaren 1942. Bjørka skal på sitt største ha vore omkring 30 meter høg og vel 3 meter i omkrins. Sørensbjørka er også kjent i lokal munnleg tradisjon under namn som Prestebjørka og Rarebjørka. Så vel namnet Sørensbjørka som Prestebjørka peiker attende til treet sitt opphav. Lærar og seinare ordførar i Tinn, Ole Knudsen, har gjeve følgjande forklåring: «I nærheten av Attraa Kyrkje – paa Præstegaardens Grund staar et stort og prægtigt Birketræ, Præstebirken kaldet. Dette namnet har den faaet, fordi den ved Præsten Møglestues ankomst her til i 1776 var saa liden, at han tog den i Toppen og bøiede den til Jorden. Somme kalder den Sørensbirken efter Præstens Søn Søren, da det skulde være denne som, da det skulde være denne som bøiede den til Jorden. Den er 81 ½ Fod høi og 9 ½ Fod i Omfang i Brysthøide.» Forteljinga til Knudsen skriv seg frå 1886, altså kring 100 år etter at episoden fant stad som gav treet namn. Om lag frå same tid (1888) har vi også ei langt meir lyrisk skildring av treet og opphavet som prestekona Elisa Kielland står bak:
Ikke langt frå Kirken findes der en veteran og kjæmpe mellem birkene, den gamle ”Sørensbirken” (Sit navn har den fra en fordums prest i Tinn). Den tæller sine hundred aar, om ikke mer, og stammen er saa svær, at to mand stærk ikke altid slaar til for at favne den. Dens mage findes knapt i hele Thelemarken. Om al den fugl, som flyver om i ganske Norges land, blev stævnet hid til things, den vilde finde sig et prægtigt lokale her i Sørensbirkens krone – og tænk saa staar det svære træet her i denne stille skogen for at kun give ly for en og anden vildsom fugl, som flyver om paa bygden. Og under dette høie tempelhvælv, hvor prosessioner burde skride i høitidsskrud med pauker og trompeter, der kan du oftest finde en og ander fattig sjæl, som hviler sig og lægger byrden sin paa bænken ind ved stammen og aldrig ofrer nogen tanke paa det gamle træets deilighed. Men ligefuldt saa pynter birken sig i underskjønne dragter ved sommertid og vintertid, i vaarens og i høstens dage og breder grenene høimodigt over alle uden forskjel.[1] | ||
Ifølgje Ole Knudsen var det to ulike tradisjonar i lokalsamfunnet om opphavet til namnet, men båe tradisjonslinene er samde om å kople utgangspunktet til far eller son Møglestue, noko som kan tyde på at treet vart planta omkring 1775. Elisa Kielland støttar dette. Om vi tenkjer oss at treet var ca. 100 år i 1875, så gjekk det enno omkring 40 år før det vart freda i 1915 og over 65 år før det fall om 1942. Alderen på treet kan med andre ord ha vore omkring 170 år. Ei hengjebjørk (Betula Pendula) vert normalt ikkje stort meir enn 150 år gamal, så den trulege alderen til Sørensbjørka er uvanleg, men ikkje urimeleg.[2]
Litteratur
- Espeland, Per: Atrå samfunnshus 1960-2010, Styret for Atrå Samfunnshus 2010/2011.
- Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Universitetsforlaget 1974.
- Kielland, Elisa: Aaret rundt i fjeldbygden, Kristiania 1900.
- Norsk Lovtidend 1917, Kristiania 1917.
Referanser
- ↑ Kielland 1900: s. 112.
- ↑ Artikkel om Hengebjørk fra NMBU