Samla
Samla er eit samarbeid mellom Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo, Norsk etnologisk gransking ved Stiftinga Norsk Folkemuseum og Etno-folkloristisk arkiv ved Universitetet i Bergen om å digitalisere og gjere tilgjengeleg arkivmaterialet frå dei tre tradisjonsarkiva. Arkiva inneheld eit mangfald av kulturelle uttrykk og praksisar, der både majoritets- og minoritetskulturar er representert.
Arkivmaterialet vert publisert på Samla sin eigen nettstad. Medarbeidarane i prosjektet legg også ut informasjon om samlingar, samlarar, tradisjonsbærarar og annan kontekst på Lokalhistoriewiki.
Prosjektet kom i drift i 2025, og driftes videre av Universitetsbiblioteket i Bergen. Det er finansiert av Norges forskningsråd og er del av Norsk veikart til forskningsinfrastruktur.
Kjelder og litteratur
- Om Samla på nettstaden deira, besøkt 19. august 2022