Samtale:Skottehandelen i Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Forsidemerking

Flott artikkel. Jeg vil gjerne sette på den F2-merking, slik at den dukker opp på lokalhistoriewikis hovedforside. Det som mangler før jeg kan gjøre det, er et bilde og at ingressen blir litt lenger. Kan du ordne det, tror du? Bra jobba! Vennlig hilsen Marthe Glad 24. nov 2011 kl. 11:44 (CET)

Hei igjen - No har eg ordna litt på ingressen og fått på plass nokre bilete. Så den er altså klar for forsida. Knut Rage 1. des 2011 kl. 11:28 (CET)
Morn igjen Knut. Nå har jeg satt inn bildetekster på bildene dine og merka ertikkelen for forside. Det er rotasjon på hovedforsida, så det kan ta litt tid før den dukker opp der. Men du kan se den på forsida for Hordaland enn så lenge. Vennlig hilsen Marthe Glad 5. des 2011 kl. 12:21 (CET)


Skottehandel - berre eit sunnhordlandsfenomen?

Eg undrast om det ikkje er litt for snevert å reservere omgrepet skottehandel til sunnhordlandsbygdene? Eg ser t.d. i Vestlandets historie bd. 2 side 73-76 at John Ragnar Myking reknar med skottehandel over større delar av Vestlandet i denne perioden. Han nemner spesifikt Ryfylke og Sunnmøre. Arne Odd Johnsen skriv om skotsk trelastoppkjøp på Nordmøre tidleg på 1600-talet, enda om det framgår at hollenderane dominerte der. Skottar som John Ramsay, William Gordon m.fl. var dessutan pionerar i klippfisknæringa på Nordmøre på byrjinga av 1700-talet. (Kristiansunds historie bd. 1 s 59ff og 226.) Det verkar likevel plausibelt at Sunnhordland var det området der skottehandelen betydde mest både økonomisk og kulturelt. Kunne ei løysing vere å omdøype artikkelen til Skottehandelen i Sunnhordland, for å vere på den sikre sida? Hans P. Hosar 7. mar 2012 kl. 08:09 (CET)

Ja, dette har du heilt rett i. Det er likevel slik at eg har fått eit inntrykk av at Sunnhordland står i ei særstilling når det gjeld denne handelen, gjennom Mowat-slekta og ikkje minst når det gjeld eksport av såkalla hjeltabåtar. Eg har sjølv vore på Shetland og sett på båtar som er bygd i den gamle tradisjonen, og også hatt kontakt med Shetland Museum for nokre år tilbake. No vert det arbeidd med ei utstilling om skottehandelen som etter kva eg forstår skal visast både her i Sunnhordland og på Shetland. Men du har ganske så rett i at artikkelen bør endra namn - og det skal eg gjera. Takk for korrigeringen :). Knut Rage 19. mar 2012 kl. 08:32 (CET)

Hei, jeg ser at Arnvid Lillehammer skriver dette i en artikkel om temaet:
"Ei samanlikning mellom tilhøva i Ryfylke og tilhøva i Sunnhordland viser ... at kontakten frå dei to områda ... gjekk til ulike delar av den skotske kysten. Ryfylke hadde særleg kontakt til dei mange små byane - "burgh"ene - i Fife mellom Forth of Tay og Forth of Firth [sic!], medan Sunnhordland ikkje uventa hadde sterkare kontakt med områda lenger nord i Skottland, og ikkje minst dei gamle norske skattlanda Orknøyane og Shetland." (Arnvid Lillehammer, "Skottar og hollendarar på Agder- og Rogalandskysten", publisert i Kontakten mellom Agder og Holland på 1600- og 1700-tallet, Flekkefjord museum, 2000.)
Jeg får inntrykk etter å ha lest Lillehammers artikkel at "skottetida" er et begrep blant anna i Ryfylke, i motsetning til lenger øst, der det er "hollendertida" som er det "store" begrepet. Uansett er artikkelen din en inspirasjon til å skrive tilsvarende gode artikler om skotte- og hollendertid andre steder ved kysten også! Hilsen Aslak Kittelsen 19. mar 2012 kl. 08:50 (CET)

Eg finn ikkje ut av korleis ein endrar tittel på ein artikkel - den bør heita Skottehandelen i Sunnhordland. Er det administrator som gjer det? Knut Rage 19. mar 2012 kl. 08:57 (CET)

Nå skal det være i orden! Hilsen Aslak Kittelsen 19. mar 2012 kl. 09:08 (CET)

Flotte greier! Eg kjem elles snart på banen att, etter nokre vekers fråvere. Knut Rage 19. mar 2012 kl. 09:13 (CET)