Samtale:Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

God ide dette, og sida kan bli av nytte for alle som har eller finn slike maskiner. Men eg synes kanskje du kan skrive eit par ord under kvart merke kva slags maskin dette eigentleg er (ikkje berre merkenamnet). Arnfinn Kjelland 1. jul 2010 kl. 07:11 (CEST)

Kulturane er ulike. For meg som har skrua, reparert, bygd om og laga redskap til desse maskinene er det sjølvsagt kva mange av desse doningane er når eg får merkenamn og type. Andre har eg aldri sett. Historia sett frå mi side er vel slik at dei fyrste maskineme som kom til Noreg etter krigen var engelske. Litt klumpete og tunge med dårleg balanse i. Frå 1950 tok alpelandet Sveits og alpedelen av Tyskland over med nokre vellukka konstruksjonar frå Aebi, Agria, Bucher, Moto Standard og Rapid. Nokre av modellane vart seld nesten uendra i 25 år. Etter at forhaustaren slo gjenom ca. 1970 vart behovet for dyre tohjulingar av høg kvalitet over, her vart importert billege lettkonstruksjonar som vart eit mareritt for reparatørane. Desse ser eg helst går i gløymeboka fortast råd. Det skal ikkje undre meg at her finns entusiastar som ser noko godt i desse maskinene og. Eg fekk dei fullstendig i vrangstrupen ei periode. Her har vore oppkjøp og samanslåingar opp gjenom åra så kor mange merke det blir produsert i dag veit eg ikkje, dette kjem vel fram om dugnaden med oppbygging av sida blir vellukka.Oddvar Høydalsvik 1. jul 2010 kl. 23:33 (CEST)
Har fulgt oppfordringa og gjort forsøk på kategorisering/forklaring på maskintypar. Å ha vetige forklaringar på PTO (power take off) for den delen av folket som ikkje er i anleggs-, landbruks-, eller skipsutstyrsbransjen ser eg som vanskeleg. Vonar her kjem innspel som gjer at forklaringane kan justerast til forståeleg.Oddvar Høydalsvik 5. jul 2010 kl. 00:27 (CEST)
Kategoriseringen ser helt grei ut for meg - det kan hende artikkelen kan få fler etterhvert, men den tid - den sorg ;) Skal bli spennende å se hvordan dette blir! Siri Johannessen (Siri J) 9. jul 2010 kl. 23:13 (CEST)
Har lagt inn kategoriar og motortypar på ein del Aebi, Rapid og delvis Bucher som eg kjenner best. Skulle gjerne hatt synspunkt på om dette går i rett retning eller det skal gjerast endringar før her blir mykje informasjon. Neste er å laste opp ein del bilete til galleria. Her er ein motor, MAG 1026, der ein god del deler kan brukast på mange maskinmerke, bør det informerast i eige avsnitt om dette ?Oddvar Høydalsvik 13. jul 2010 kl. 23:42 (CEST)
Dette er i ferd med å bli skikkelig bra! Flott arbeid. Jeg har ryddet litt med hensyn til overskrifter osv., håper det ser greit ut for deg Oddvar. Når det gjelder motoren, kan det kanskje informeres om at den kan brukes på mange maskinmerker i en fotnote? Eventuelt, hvis det blir en lengre tekst, så kan det stå som et eget avsnitt? Ida Tolgensbakk 28. jul 2010 kl. 08:41 (CEST)
Enig med Ida i at dette ser veldig bra ut :) Jeg har og vært innom og fikset litt småtteri, og har vel bare en ekstra ting ;) Når avsnittene om de enkelte maskinene blir store, kan det være en fordel at de blir lagt ut som egne artikler - men den tid, den sorg :) Siri Johannessen (Siri J) 29. jul 2010 kl. 17:50 (CEST)

Ser at denne sida som var meint som eit samarbeidsprosjekt er opna ein god del gonger. Til denne tid har to av lesarane, den eine administrator, bidrege med bilete. Er der nokon måte å oppfordre lesarane til å opne historikk- og samtale-sidene og dermed fatte meir interesse for å hjelpe til med informasjon og bilete ? Går det an å bruke reklanelinja over overskrifta (Bilde nummer 1000 ble---) til ei oppmoding: Vyrde lesar. Opn gjerne sidene samtale og historikk (linja over) for å få berte innsyn i temaet og høve til å hjelpe til med opplysingar i tema du kjenner. Helsing Oddvar Høydalsvik 18. jan 2011 kl. 22:11 (CET)

Er det nokon av administratorane som har synspunkt på om denne artikkelen og tida er moden for omarbeiding på den måten at ein brukar transkludering og legg kvart merke (Aeibi, Rapid... og reidskapsprodusentar) som eigne stykke ? Dette på ein liknande måte som for båtane i stykket http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Holsvik_notlag. Helsing Oddvar Høydalsvik 8. nov 2011 kl. 23:04 (CET)
Hei. Det er fint med en oversiktsartikkel, der alle produsentene og merkene er med, men utdypende artikler er et godt supplement. Skal du f.eks. skrive en artikkel om Agria, bør den også ha en historisk-leksikalsk bit, der du med noen få setninger forteller om produsenten og når maskinene hans kom hit til landet, eventuelt også hvilke landsdeler/bygder den ble mest populær (gjorde f.eks. forhandlernettet at enkelte steder hadde flere maskiner fra bestemte produsenter?). Helsing Trond Nygård (Kallrustad) 9. nov 2011 kl. 10:06 (CET)

Begynn en diskusjon om siden «Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk»

Start en diskusjon