Sauland Varelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sauland Varelag si forretning.
Foto: Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Sauland Varelag blei stifta som eit aksjeselskap i 1907. Firmaet dreiv både som ysteri og varelager i Sauland i Hjartdal kommune. Laget utvida til å bli landhandel i 1920.

Historikk

Sauland Varelag vart stifta som eit aksjeselskap av Torgrim Mathiassen Kleppen i 1907. Formannen i styret var O. M. Kleppen. Dei øvrige medlemane var M. M. Kleppen, T. O. Lonar, O. G. Haptun og T. H. Frøland. Firmaet dreiv som ysteri og varelager dei fyrste åra. I 1920 gjekk dei vekk frå ysteriet, og vart i staden ein landhandel med varelager.[1] Laget kjøpte bygningen frå Sauland Ysteri i 1934.[2] Dei hadde heldt til i den same bygningen før dette, men det var fyrst no dei overtok den på papiret.

Det var Torgrim M. Kleppen som i 1900 hadde gjeve skøyte på tomt til ysteriet. Den hadde verka som både ysteri og post- og telefonsentral. Frå byrjinga var det tilsett tre personar her; meierske Anne Olsdotter Kåsa (f. 1867), meierske Tore Olsdotter Kåsa (f. 1859) og telefonstyrar Helge Olsdotter Øyen (f. 1871).[3]

I 1946 arbeidde berre bestyraren og ein handelsbetjent på Varelaget. Omsetninga var då 152 000 kr.[4]

Kjell Larsen og Lars Dalen kjøpte bygningen i 1971. Tor Ole Skogholt var eigar i 1990.[5]

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Karlsrud, Gjertrud Kleveland, Hjartdalsoga : gard og ætt. 2 : Sauland, Sauland, 1992

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 792.
  2. Karlsrud, 1992, s. 227.
  3. Karlsrud, 1992, s. 329.
  4. Sætherskar, 1949, s. 792.
  5. Karlsrud, 1992, s. 330.