Setesdalsheiene
Setesdalsheiene er fjellområda vest og aust for Setesdal i Agder. Dei ligg i kommunane Sirdal, Kvinesdal, Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle, og nokre mindre område strekk seg også inn i nabokommunar til desse. Mot vest grensar heiene mo Ryfylkeheiene, og ofte vert Setesdalsheiene-Ryfylkeheiene rekna som eitt fjellområde.
Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiene har eit samla areal på 6155 km², medan Setesdal Austhei dekkjer 2370 km². Austheia delast av riksveg 45 mellom Valle og Tokke. Nord for vegen er det høgfjell på over 1000 meter, medan det i sør er lågare og flatare landskap. Det høgste fjellet på heiene er Sæbyggjenuten på 1507 moh., som ligg i Bykle kommune.
Det er ei grunnfjellshei med høgfjellsflora. Det er fleire turisthytter og merka turistruter der. På slutten av 1800-talet vart det innført tamrein, men i dag finn ein berre villrein der. Det har vore stor utbygging av vasskraft, med nokre av landets største vasskraftverk med effekt på over 300 MW.
Det er funne spor etter menneske attende til om lag 9600 år sidan i Ryfylkeheiene, og truleg var det folk også i Setesdalsheiene på den tida. Ein finn mellom anna dyregraver, leiegjerde, bogesteller og andre kulturminne i landskapet. Fleire gamle ferdselsveger frå mellom aust og vest går over heiene. I mellomalderen fekk ein dei første gardane i heiene, men det vart aldri mange fastbuande der.
Turisthytter og andre overnattingsstader
Hytte | Kommune | Type | Moh. | Senger | Bilete |
---|---|---|---|---|---|
Bortelidseter | Åseral | Betjent (privat) | 560 | 0 | |
Bossbu | Valle | Sjølvbetjent (DNT) | 1030 | 27 | |
Gaukhei | Bygland | Sjølvbetjent (DNT) | 840 | 41 | |
Hovden fjellstoge | Bykle | Betjent (privat) | 850 | 120 | |
Hovdestøylen hotell | Bykle | Betjent (privat) | |||
Håheller | Valle | Ubetjent (DNT) | 894 | 9 | |
Josephsbu | Bygland | Sjølvbetjent (DNT) | 880 | 20 | |
Kvinen | Sirdal | Sjølvbetjent (DNT) | 720 | 37 | |
Lakkenstova | Åseral | Sjølvbetjent (DNT) | 845 | 36 | |
Ljosand fjellstove | Åseral | Betjent (privat) | 530 | 48 | |
Sloaros | Bykle | Sjølvbetjent (DNT) | 1045 | 26 | |
Stavskar | Valle | Ubetjent (DNT) | 994 | 9 | |
Svartenut turisthytte | Valle | Sjølvbetjent (DNT) | 975 | 20 | |
Tjønndalen turisthytte | Bygland | Ubetjent (DNT) | 700 | 6 | |
Øyuvsbu | Valle | Sjølvbetjent (DNT) | 933 | 34 |
Sjå også
Litteratur
- Setesdalsheiene på Setesdalswiki.
- Setesdalsheiene på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Setesdalsheiane på ut.no.
- Hytter i Setesdalsheiene på ut.no.