Severin Grebstad (forretning)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Severin Grebstad AS var ei manufakturforretning i Sykkylven. Firmaet vart skipa i 1933 av Severin Grebstad, med syskena Ole og Nilla Grebstad som aksjonærar. I mange år dreiv han kolonialhandel i lokale som han leigde i Dale-huset, men i 1950 flytte han butikken til Korsbrekkehuset, som var nybygd då. Alle dei åtte borna til Severin Grebstad arbeidde bolkesvik i butikken, og sonen, Olav S. Grebstad, var dagleg leiar dei siste åra.

I 1954 vart forretningsverksemda utvida. I Vadhuset fekk firmaet leige lokale som vart brukte til ei avdeling for manufaktur, garn, metervarer, gardiner og liknande. Marit Grebstad Flatabø hadde det daglege ansvaret der.

Kolonialavdelinga vart nedlagd i 1966. Samstundes vart Lars S. Grebstad disponent i firmaet og dagleg leiar for manufakturavdelinga. I 1969 kom ei omorganisering og ei stor utviding. Manufakturavdelinga vart flytt til nye, romslege lokale hos Severin Bakke, der vareutvalet frå då av omfatta konfeksjon for damer, herrar og born, dessutan kosmetikk og underty. Neste utviding kom i 1979. Då vart lokala utvida og opp-pussa, slik at butikkflata vart på 350 m2 i to høgder. Oppe vart det då avdeling for dameklede og kosmetikk, i underetasjen ungdoms-, herre- og barneavdeling.

Lars S. Grebstad døydde i 1974, og i 1975 tok dottera, Bente Grebstad Rødseth, over som disponent. Dei neste åra dreiv ho butikken saman med mor si, Eli Solnørdal Grebstad.

Garn- og broderivareavdelinga vart seld til Nøstekroken A/S i 1982. Ikkje lenge etter vart Severin Grebstad AS lagt ned.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.