Sild - kystsild og lokal fjordsild

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holsvik notlag
Holsvik notlag

Kvardagsmaten til sjøfugl og lokale fiskeartar - eit dugnadsprosjekt - dette klarar vi kystmenneska - få fram informasjon før den går i gløymeboka

Sild – kystsild og lokal fjordsild

Er kvardagsmaten til lokale fiskestammer og sjøfugl - og er meint som eit samarbeidsprosjekt for å bygge opp att informasjon om korleis lokale fiskestammer har hatt tilgang på mat året rundt siste 100-åra. Det er fort gjort å gløyme

Kystsild og lokal fjordsild sitt behov for reguleringar 2021

• Den lokale silda blir akseptert som eiga fiskestamme med behov for eiga regulering av Fiskeridirektoratet

• Lokale sildedtammer blir nedfiska i kvotane til NVG-sild. Det må opprettast reguleringslinjer/fjordlinjer slik at fiskarane kan ta sine NVG-kvotar med minst mogeleg innblanding av lokal sild

• Havforskingsinstituttet får setje av meir resursar til forsking

• Fiskeridirektoratet kontrollerar medan fisket foregår

Kva informasjon finns - korleis melde inn for samla informasjon i ressurskart under Kystnære fiskeridata

• 2021-informasjon om fisk i norske farvatn, https://portal.fiskeridir.no/portal/apps/webappviewer/index.html?id=ea6c536f760548fe9f56e6edcc4825d8

• I fiskeridir sitt ressurskart er ingen info om kystsild og lokal fjordsild - kvardagsmaten til andre lokale fiskeartar

• Fiskeridir sitt kart må få kystsild og lokal fjordsild som eigne stammer/eiga stamme med eigne lag i kartet • Så kan nasjonen melde info til innmating i kart og fiskeridir kan ved reguleringar bygge opp att mattilgangen/kvardagsmaten til sjøfugl og lokale fiskeartar i grunne kystområde •

Positive virkningar ved regulering

• Sjøfuglen får kvardagsmat

• Lokal botnfisk får kvardagsmat

• Anadrome fiskeartar der smolt tidlegare gøymde seg i loppar av sild og makrel og såleis overlevde - turen til havs for laks - auren i samspel med desse loppane til vaksen alder. Aure og sjørøye oppheld seg i fjordane heile livet

Aktiv nedfisking av kysten i to omgangar - ca 1960 - og på nytt frå 1988

Etter aktiv nedfisking av lokale fiskebestandar rundt 1960 då silda forsvann i Nordsjøen fekk kysten i praksis lysforbod ca 1972

1988 vart lys på nytt tilgjengeleg - og vart tillate fylke for fylke - andre gongs nedfisking av heile kysten vart gjenomført - siste fylke, Møre og Romsdal fekk sin J-169-2017. Bruk av lys og at kystsnurpenøtene - har vakse i djupne frå 1950/40 m til 2020/170 m - når i botnen er kystfisken si katastrofe


Dugnad for å bygge opp att gløymd kunnskap

Er ein slik dugnad gjenomførleg kan ein hjelpe regulerande mynde/myndigheiter å berge lokale fiskestammer i fjordar og grunne område på heile norskekysten Registrer deg som brukar og lag nye artiklar ein kan lenke til. Eller gå inn her og bygg faktakunnskap på nytt frå spørsmåla:

• Har det eksistert lokale sildestammer langs etter kysten

• Kor lokal. Er ei bøtte eller to ei eiga stamme

• Er det berre norsk haustgytande sild – NHG-sild – som er lokal sild

• Gyt også lokal sild til ymse tider heile året

• Korleis oppfører lokal sild seg i høve til vandrande bestandar

• Er det behov for eigen kvote på NHG-sild i høve til NVG-sild for regulering

• Er det behov for eigen kvote på lokal stadbunden sild i høve til NHG-sild for regulering

• Er det behov for regulering av lys og djup not i grunne fjordar og sund

• Er det greit at snurpeline og notlin frå for djup not fyl botnen ved snurping i grunne fjordar og sund

Kategori sild

Lekfolk – som ikkje er spesialistar – må få kalle dei feite fiskane av lokal sild-type for lokal sild – sild, sil, brisling………

Kvardagsmaten for lokalt ståande fisk og sjøfuglen

Fiskeridirektoratet er regulator for fisking av alle fiskeslag i norsk saltvatn. Lokal sild, kalla – norsk haustgytande sild - blir pr. 2020 – fiska i kvota til – NVG, norsk vårgytande sild. Berre haustgytande sild har – slik ein forstår - godkjenning som lokal sild frå fiskeridir. Om det er slik veit ingen med fullmakt til å uttale seg – men ein tillet stadig friare fiske med meir og meir effektiv reiskap i årlege forhandlingar med fiskarorganisasjonane

Miljødirektoratet – via fylkesmannen sin miljøvernavdeling – regulerar fiske i ferskvatn – men og eit stykke i saltvatn ut frå elve-munnings-frednings-sonene for anadrome fiskeartar. I delar av året valsar fiskeridir effektivt over miljødir utan særleg samarbeid til denne tid

Dermed er fjordar og grunne sund - der elvar renn ut – eit slags ingenmannsland i reguleringssamanheng. Reguleringar som finns er til liten nytte. Lat oss bygge nøktern kunnskap til framtidig bruk – for heile kysten. Dokumenter kunnskapen så best det let seg gjere. Det hastar

Silda – den lokale – og minkande/utgått kunnskap frå 1950

Skrivaren her startar med informasjon frå det ein har funne i fjordane i Volda kommune etter at forbod for lysfiske i Møre og Romsdal vart oppheva J-169-2017. Fjordane var på nytt brått tome for fastståande lokal fisk året 2018. Ein kopi av hendingane 1955 og utover då Nordsjøsilda forsvann og havsnurparane tok til fjordane for å berge ei svinnande inntekt

Havet er fritt for alle

Ja. For dei som får løyve til å delta i bruk av havet - og då frå regulator/myndigheiter i friast mogeleg utøving

Spørsmålet: Kva skjedde no (J-169 2017 oppheving av lysforbod, siste fylke)? Ein har då all verdens fint utstyr og kunnskap nok til å unngå rovfiske?

Og svaret:

• Om indre kyst kan ein lite

• Lokale sildestammer, kva er det?

• Eksisterar det lokale sildestammer må det dokumenterast med innlevering av fisk med dokumentasjon om tid og stad for fisking

Fram til 1950 - den lokale silda

Lokal sild er «den hemmelege silda» frå gamalt - ei kjend sak for «strandsitjarane»/dei lokale bebuarane/fiskarane langs stranda (frå svenskegrensa til russegrensa). Om nokon prøvde å drive næringsfiske på den lokale silda vart det kontant påtala. Grunnen – lokal sild, småloppane – var lokal mat til annan lokal fisk og sjøfugl – og berre det – kvardagsmaten når der ikkje var ferdafisk Derfor omgrepet – den hemmelege silda – ein var heilt avhengig av kokefisk til kvardagsmat – og den lokale silda var kvardagsmat til kvardagsmaten til folk

Frå 1950 - den lokale silda

Frå 1950 byrja dei lokale notlaga å koste seg ekkolodd i notbåtane. Då såg dei på «loddet» at det ein meinte å vite frå før var sant

Langs alt land stod desse lokale, små loppane, «bytte/bøtte for bytte» - «men du tek ikkje denne silda, dette er livberging i vanskelege tider»

Nøtene som var brukt til no var mest landnøter, 7 – 9 famner (13 – 17 meter) djupne, på faste kasteplassar

Dei lokale fastståande sildestammene fungerte. Lokal kunnskap i forvaltning fungerte framleis

Overgang til snurpenot i fiske hadde pågått sidan århundreskiftet ser det ut til. Ca. 1930 regulert som for effektivt ved at notlag berre fekk ha ein motorbåt i kvart notlag. Oppheving i 1937

1945 – 1960 - nøter, notdjupne og regulering

Stor investering i båt og djupare nøter. I 1950 er fjordsnurpa 40 meter djup, havsnurpa 110 meter. Alt er not som treng tørking med relativt kort mellomrom

Frå 1957 byrjar Fiskeridirektoratet med styring av fisket med eit meldingssystem, seinare J-meldingar. Ein er for sein. Silda i Norsjøen kollapsar, dei djupe nøtene – som når botn – går inn i fjordane

Djup not når i botnen og tek ut gytinga til lokal sild. Botnafisken/botnfisken blir med i kasta

Ein brukar lys og samlar restane. I 1964 kjem fyrste lysregulering, 15 kW glødelampe på eit notlag

I Møre og Romsdal praktisk talt lysforbod i 1972 etter stor lokal innsats. Reguleringa var fylkesvis med varierande datering

Oppheving av lysforbod frå 1988 – 1990. Siste fylke M & R i 2017 ved J-169-2017

I 2020 er heile kysten utfiska for lokal sild for andre gong. Nokre få plassar har fiskeridir regulert etter mykje styr og grundig dokumentasjon. Og ingen vil sjå i Statsarkivet der informasjonen frå førre nedfisking ligg

Kystnota har vakse i djupne frå 1950 på 40 meter til 2020 med 170 meter for dei siste monteringane. Desse er brukte ned til 15 meter djupne rett inn i soveromsglasa til folk. Så får ein også dokumentere galskapen

Ikkje å undrast over at Fiskeridir spør: Lokal sild? Kva er det?

Svar frå dei eldste av oss med «fiskeblod i årane»/fiskeinteresserte: Det var ein gong ein hadde vit nok til å late lekkane i næringskjeda fungere lokalt til gagn for fugl og fisk

Ein veit frå førre runde at det gjekk 20 år å bygge opp att stammene med botnafisk. Den lokale silda – som samtidig er mat for anna fisk og sjøfugl – brukte 60 år til «vaklande gange». Den burde hatt meir tid

Lokal sild i gløymeboka - det er fort gjort å gløyme

På NRK har skrivaren sett to halvtimes program: Eitt frå Sørlandet med Fiskeridirektør som deltakar og eitt frå Hardangerfjorden med Havforskingsinstituttet representert. Ein skal bygge oppatt kysttorsken og annan fastståande lokal fisk. Kvardagsmaten – den lokale silda – er ikkje med i vurderingane – ikkje med eit einaste ord

Det blir fortalt fleire plassar langs kysten at det såg ut som lokal sild trengde stabil fjordis for å få til vellukka gyting. Fjordisen held not og garn unna gyteplassane. Yngelen kom seg unna

Så vart det kraftutbygging. Litt oppvarma kjølevatn hemma isdanning der kraftverket stod. Litt saltare vatn hemma isdanning der ferskvatnet vart borte. Og – ein kan naturlegvis skulde på global oppvarming – sjølv om det ikkje var tema då isen vart vekk over gyteplassane

Poenget er at utan fjord-is må ein regulere med lovverket. Friare fiske med lys og djupe nøter att er ikkje løysinga

Det finns lite skriftleg informasjon om den lokale sildestammer. Køyr på. Registrer

Lokale fjord- og kyst-stammer sild, brisling, sil. Registrering 1950 - i dag. Spør beste- eller oldeforeldra

(Dette er eit døme med heftig forbetrings-potensiale. Ikkje naudsynt i det heile om meldingar går rett i fiskeridir sitt ressurskart ved oppretting av eige stamme for kyst- og fjordsilda)

1. Lokalitet 2. Koordinatar 3. Lokal sild, sil, brisling 4. Årstal sist levedyktig 5. Årstal nedfiska fyrste gong 6. Årstal tilnærma sjølvgåande att 7. Årstal nedfiska andre gong 8. Levedyktig i dag, årstal 9. Andre opplysningar
Austefjorden 62.05937° N 6.31266° Ø Sild 1960 1963 2017 2018 Nei
Kilsfjorden Sild 2018 Nei
Dalsfjorden Sild 2018 Nei

Slik kan ein fortsetje kysten svenskegrensa til russegrensa.

Kan ein rute koordinatane til norgeskart.no (vegkart) vil dette gi regulerande mynde oversikt over lokale sildestanner si utvikling frå oppegåande rundt 1950 til i dag (2020) eller 8. Levedyktig i dag, årstal


Kjelder og informantar

Notaset: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Landnotset_i_Austefjordomr%C3%A5det Sunnmørsk fiskervise: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Syndm%C3%B8rings_Fiskervise

  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951 Samtalar med eldre folk - og for mi aldersgruppe av kystfolk - ein slags normalkunnskap

Eksterne lenker

Havforskingsinstituttet: Tema: Hav, kyst og fjord: https://www.hi.no/hi/temasider/hav-og-kyst/hav-kyst-og-fjord

Havforskingsinstituttet: Tema: Fjord: https://www.hi.no/hi/nyheter/2021/februar/berekraftig-bruk-av-fjordene-vare-er-ikke-gratis

Havforskingsinstituttet: Tema: https://www.hi.no/hi/radgivning/marine-naturverdier-og-tiltak-i-kystsonen/marint-biologisk-mangfold/gytefelt

Havforskingsinstituttet: Tema: Berekraft: https://www.hi.no/hi/nyheter/2019/desember/fjordene-i-nord-kan-bidra-til-a-lose-den-globale-matutfordringen

Havforskingsinstituttet: Tema: Toktrapportar : file:///C:/Users/Eier/Downloads/rapport-observator-ombord-under-fiske-etter-brisling-og-sild-med-kunstig-lys-2010-2012-1.pdf

Havforskingsinstituttet: Tema: Utvikling av modernisert lys for notfiske: https://www.hi.no/resources/publikasjoner/rapport-fra-havforskningen/2016/30-2016_utvikling_av_lysboye_for_lysfiske_forprosjekt_fhf_901177.pdf

Store Norske Leksikon Sild: https://snl.no/sild

Store Norske Leksikon Sil: https://snl.no/sil_-_fisk

Store Norske Leksikon Brisling: https://snl.no/brisling

Fiskeridirektoratet: https://www.fiskeridir.no/

Havforskingsinstituttet: https://www.hi.no/hi

J-meldingar: https://www.fiskeridir.no/Yrkesfiske/Regelverk-og-reguleringer/J-meldinger

Den lunefulle silda: https://www.norgeshistorie.no/bygging-av-stat-og-nasjon/1437-Den-lunefulle-silda%E2%80%93sildefisket-p%C3%A5-1800-tallet.html

Oversikt 1961 - 2013: https://docplayer.me/15131952-Historisk-oversikt-over-fiskebestander-i-sognefjorden-brisling-og-lokale-sildestammer-else-torstensen-og-cecilie-kvamme-havforskningsinstituttet.html

Trengingsforsøk i not: https://www.kystmagasinet.no/nyheter/trenging-dreper-sild-og-makrell/

Havforskingsinstituttet: Poller og dype fjordområder: https://www.hi.no/hi/radgivning/marine-naturverdier-og-tiltak-i-kystsonen/marint-biologisk-mangfold/poller

Havforskingsinstituttet: Gytefelt. Tenk snurpeline langs botnen: https://www.hi.no/hi/radgivning/marine-naturverdier-og-tiltak-i-kystsonen/marint-biologisk-mangfold/gytefelt

Havforskingsinstituttet: Bunnsediment i fjorder: Tenk snurpeline langs botnen: https://www.hi.no/hi/radgivning/marine-naturverdier-og-tiltak-i-kystsonen/marint-biologisk-mangfold/fjorder-med-naturlig-lavt-oksygeninnhold-i-bunnvannet

Diskusjon på NRK 2022: https://www.nrk.no/mr/melder-fiskebatar-som-lyser-opp-husa-til-politiet-1.16068536


Finnmark

2009: https://www.meron.no/se/loaklkunnskap/fjordokologi-og-ressurser/tanafjorden2/1990-2009tana/8186-sild-tana

2019: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/porsangerfjorden-2.0-final.docx

2019: https://www.hi.no/hi/nyheter/2019/februar/vil-gjenoppbygge-fiskebestandene-i-porsangerfjorden

2019: https://www.hi.no/hi/nyheter/2019/april/kartlegger-for-og-skal-undersoke-etter

2020: https://www.hi.no/hi/nyheter/2020/november/lok

2020: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2020-41 al-forskning-kan-gi-viktige-svar-om-kysttorsken


Møreog Romsdal

2018: https://www.vestlandsnytt.no/nyhende/2018/02/08/Greier-aldri-%C3%A5-t%C3%B8me-fjorden-16051659.ece

2020: Grendalag i Volda sin rapport av 02.02.2020: https://www.volda.kommune.no/_f/p39/i753cc7fe-fd63-4a6f-a469-86fdeb18d136/austefj-grendalag-rapport-fiske-18-17946-2-pdf-0602202044865.pdf

2017 - 2021: Fiske: Grendalag i Volda sin korrespondanse med Fiskeridirektoratet om nedfisking av lokale fiskestammer https://www.volda.kommune.no/tenester/veg-vatn-og-miljo/fiske/

2023: Overfiske. Grendalag i Volda: https://www.volda.kommune.no/_f/p39/ia4f7cca0-ba14-4d08-8f2a-722191f6df98/overfiske-orientering-020223-til-folket-i-volda-kommune-original-pdf.pdf

Vestland

Nordfjord og Sognefjorden 2016: file:///C:/Users/Eier/AppData/Local/Temp/Sak-24-2016-sild-Sognefjorden-Nordfjord-innspill2-Havforskningsinstituttet.pdf

Nordfjord og Sognefjorden 2016: file:///C:/Users/Eier/AppData/Local/Temp/Sak-24-2016-sild-Sognefjorden-Nordfjord-saksdokument.pdf

Sognefjorden: https://docplayer.me/15131952-Historisk-oversikt-over-fiskebestander-i-sognefjorden-brisling-og-lokale-sildestammer-else-torstensen-og-cecilie-kvamme-havforskningsinstituttet.html

Lindås: Nær HFI - stor overføringsverdi til andre norske fjordar: https://www.statsforvalteren.no/contentassets/9e42748bf6e94e9aa3505cf462900bd4/radgivende-biologer-as-2130-biologiske-verdier-i-lurefjorden-og-lindasosane

Nær HFI - stor overføringsverdi til andre norske fjordar: https://www.hi.no/hi/forskning/doktorgrader/2013/metapopulasjonsdynamikk_og_adferd_hos_sild_i_lindaspollene

Forsking Vestland og litt heile kysten: https://www.birdlife.no/organisasjonen/pdf/200610_ss_nottestad.pdf

Forsking Vestland og litt heile kysten: Reketråling: https://www.hi.no/hi/publikasjoner/toktrapporter/2021/kartlegging-av-bunnfisk-og-reker-pa-rekefelt-i-vestlandsfjorder--toktrapport-nr.-16-2021

Viken

Oslo 2010: Oslofjorden - vårt felles ansvar - som andre fjordar: https://www.tb.no/debattartikler/oslofjorden-et-nasjonalt-miljoansvar/s/2-2.516-1.5184903

Oslofjorden er sjuk - kan den kurerast ? https://www.hi.no/hi/nyheter/2018/desember/oslofjorden-er-syk-kan-den-kureres

Oslofjorden - sultedøden: https://www.nrk.no/ytring/sultedoden-1.16290862


Natur i endring: https://tv.nrk.no/serie/natur-i-endring/sesong/1/episode/3