Siljan Samvirkelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Siljan Samvirkelag før 1949.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Siljan Samvirkelag vart opna 17. januar 1931. Samvirkelaget låg på Torsholt i Siljan kommune.

Bakgrunn

Under eit møte på Midtbygda skule vart det den 27. september 1929 beslutta å danne samvirkelag i Siljan. Det vart kjøpt tomt av Nils Thorsholt frå eigendomen Thorsholt.

Neste møte vart heldt same året, og då vart det vald eit styre for samvirkelaget. Styret bestod av Bertinius Tveiten, Daniel Myrvang, Peder Tveiten, Olaf N. Øverbø, Hans Grindlia, Kristian Norheim og Nils Nystad. Varamenn var Johan Tufte, Martin Engrønningen og Hans Aasen. Samstundes vart det valt byggekomité som bestod av Nils Nystad, Johs. Plassen, Ernst Andersen, Sigvart Tveiten og Bertinius Tveiten. Lagets formann, samt byggekomiteens formann vart Bertinius Tveiten.

Laget lånte 7 800 kr. frå Gjerpens Sparebank til oppføringa av forretningsbygget - eit lån dei måtte kausjonere for. Til start av forretninga tok laget opp eit kassakredittlån på 2000 kr. Medlemane sitt innskot ved opninga den 17. januar 1931 var 550 kr.

Den fyrste bestyraren på samvirkelaget var K. Knutsen frå Gvarv. Han sat med stillinga fram til 31. desember 1940. Då tok Georg Gudbrandsen frå Eidsvoll over.

Samvirkelaget omsette hovudsakeleg kolonialvarer og kraftfôr, men også jernvarer, glass- og steintøy, manufaktur- og skotøy.

Arkiv

Siljan Historielag har tatt vare på delar av arkivet etter Siljan Samvirkelag. Oversikta kan ein studere på historielaget si heimeside.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.