Sjølyst Turistheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjølyst Turistheim AS var ein overnattingsstad i Sykkylven sentrum.

Sykkylven kaiselskap sette opp eit hus ned mot Aure-kaia i 1894. Dette huset gav lokale til mange ulike forretningar fram gjennom åra, og i andre høgda vart det drive hotell under namnet Hotel Søkelven. I 1920 vart huset selt til det nyskipa firmaet LL Sykkylven Handelslag, som frå då av hadde sine forretningslokale der. Hotelldrifta i andre høgda heldt fram som før. Vertar var m.a. Olivia og Edvard Skotte og Emma Aure. Den sistnemnde stod føre drifta i om lag 30 år.

Huset brann ned i 1939, og eit nytt forretnings- og hotellbygg vart ferdig i 1941. I 1959/60 vart dette bygget utvida og modernisert, m.a. vart kafeen gjort større, og hotellavdelinga fekk fleire rom.

Fleire personar hadde hand om hotelldrifta dei følgjande åra: Arne Gjerde, Frode Holm Haagensen og Ernst Ellingsen. Den sistnemnde kjøpte heile bygget av Sykkylven Handelslag, men selde det att til B.S. Aure AS i 1977. Hotelldelen, som han kalla Sjølyst Turistheim, leigde han og dreiv fram til 1979. Då vart det eit aksjeselskap, med Bjørn og Svein Aure som aksjeeigarar, som overtok. Dette selskapet stod seinare for drifta av Sjølyst Turistheim i fleire år. Etter kvart tok Anton Roald over drifta av hotellet. Det gjekk då under namnet Hotel Leon. Det var vanskeleg å få til lønsam heilårsdrift av hotellet, og etter ei tid vart det lagt ned.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.