Skårdalsvegen (Hjartdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjartdal, Skårdalsvegen med Skårdalsgardane, gnr. 63/1 og 64/1.
Foto: Roy Olsen (2021).

Skårdalsvegen i Sauland i Hjartdal kommune går nordvestover frå Saulandsvegen og innover i Vassenddalen til stulsområdet Skarset med øvre og nedre Skarset like nord for Skarsetvatnet. Etter Listul er vegen stengt med bom. Han er drygt 10 kilometer lang.

Vegen har namn etter Skårdal-gardane eller Skårdalsgrenda og vart namnsett i 2011.

Bilvegen fram til Listul vart ferdig ikring 1960. Den er stort sett lagt etter den gamle kjerrevegen som vart bygd i åra 1905–1912. Kjerrevegen gjekk mellom eldhuset og fjøset på Sudigard Skårdal og gjennom tunet til Nordre Skårdal (Myljomgarden). No går vegen på nedsida av tuna.

Skårdalgrenda ligg for seg sjølv, 470–500 moh. i skiftande lende i hellinga ned mot elva Skorva i eit område med skog og fjell. Til Skårdalgrenda reknast dei fire gardsbruka Sudigard, Myljomgarden, Nordigard og Listul. For meir enn hundre år sidan, da det budde folk på alle gardar og plassar, og kvar heim frå Skarset til Skårnes talde med, var grannekrinsen vid og talrik. I 1845 var det om lag 80 menneske i Skårdalgrenda. Mange av dei budde i plassane, og skogsarbeid gav mykje av levebrødet. I dei neste tiåra utvandra minst 40 menneske, og storparten av dei var unge folk. I 1989 var det ni personar busett i Skårdalsgrenda, sju av dei var over 50 år. Hovudnæringa i grenda har vore skogbruk og fedrift.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Kleveland Karlsrud, Gjertrud: Hjartdalssoga, gard og ætt, band 2, Sauland. Hjartdal kommune 1992.
  • Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf


Koordinater: 59.61898° N 8.86491° Ø