Skåre kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skåre kommune i Rogaland vart oppretta i 1881, då han vart utskild frå Torvastad. Skåre omslutta Haugesund, og alt i 1911 vart eit område overført til byen. Resten av kommunen vart innlemma i Haugesund i 1958. Skåre kommune hadde då 3437 innbyggjarar og eit flateinnhald på 68 km2.