Skien-Telemark Bilselskap

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Skien - Telemark Bilselskap»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilparken hjå Skien-Telemark Bilselskap.

Skien-Telemark Bilselskap blei stifta som eit aksjeselskap med ein aksjekapital på 25 500 kr i 1924. Frå byrjinga hadde selskapet konsesjon på ruter mellom Skien og Ulefoss.

Historikk

Skien-Telemark Bilselskap blei starta opp av rutebileigarar som hadde konsesjon på rutene Skien-Ulefoss-Strengen. Den fyrste konsesjonen blei gitt i 1919, og rutebileigarane heitte Øivind Modal (Lunde), Kr. Ovenstrøm (Lunde), Hans Ovenstrøm (Lunde), Anders Aase (Lunde), Andreas J. Helgeroen (Holla) og Wilhelm Augestad (Skien). I 1937 blei også rutebileigar Th. Fiskodde (Holla), som hadde konesesjon på ruta Ulefoss-Lunde, med i selskapet. Wilhelm Augestad var styrar av selskapet frå oppstarten.

Arkiv

Arkivet etter Skien Telemark Bilselskap er oppbevart ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.