Skjåk: Grender og krinsinndelingar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sokn og grender i Skjåk. Den raude streken markerer grensa for Skjåkålmenninga. Ålmenninga omfattar all utmark i kommunen utanfor den raude grensa. Kart utarbeidd av Hans P. Hosar og teknisk kontor i Skjåk kommune.

Grender og krinsinndelingar i Skjåk har variert historisk og ut frå ulike funksjonar (bearlag, skulekrinsar med meir). For orienterings- og jamføringsføremål er følgjande inndeling nytta gjennomgåande i Skjåk bygdebok (band 1-3 1994, 1995, 1998):

Sokn og grend F.o.m. - t.o.m. Fyrste påviselege busetjing o.a.
Skjåk sokn
Sørsida av Otta (baksida), frå aust mot vest:
Geilostrond Gnr. 1 Risheim – gnr. 7 Soglo Eldre jernalder.
Bersustrond Gnr. 8 Brekk - gnr. 16 Gløverstad Eldre jernalder.
Skjåkstrond Gnr. 17 Ånstad – gnr. 23.2 Vigstad Eldre jernalder
Brukrokane og Dalane Gnr. 23.6 Vigstadmoen – gnr. 52.2 Nørdre Ytre Plassgrend under Vigstad og Reppen frå slutten av 1700-talet.
Lundagrenda Gnr. 25 Lund – gnr. 61.5 Randen Jernalder? Heilt øyde i seinmellomalderen. Gjenrydding ca. 1600.
Nordsida av Otta, frå vest mot aust:
Norda Aura og Forbergsgardane Gnr. 29 Berger – gnr. 41 Sperstadøygarden Eldre jernalder
Reppen Gnr. 42 Grimstad – gnr. 57 Marlo Eldre jernalder.
Ramstadstrond Gnr. 58 Hånsnar – gnr. 72 Kolstad Eldre jernalder.
Synna Brua Gnr. 73 Brujordet – gnr. 82 Øvre Bakken Jernalder? Nesten heilt øyde i seinmellomalderen. Gjenrydding ca. 1600.
Nordberg sokn
Sørsida av Otta (baksida), frå aust mot vest, og austlegaste delen av Åstradalen:
Teigoms- og Påsågrenda Gnr. 83 Søre Teigom – 21.4 Nørdre Morken Jernalder? Heilt øyde i seinmellomalderen. Plassgrend under gnr. 21 Nigard Skjåk frå 1700-talet
Øygardane Gnr. 85 Flekkøy – gnr. 93 Åbue Eldre jernalder. Heilt øyde i seinmellomalder. Heimsetrer og plassar under gardar i hovudsoknet i tidleg nytid
Åmot (Kvitingslia, Langskota, Åmotsgrenda, Brumillom) Gnr. 94 Nyhus (Bysjet) – gnr. 110 Våttaneset Ryddingar i ålmenninga på 1700- og 1800-talet, bureising villabygging i 1920- og 1930-åra.
Åstradalen:
Bråtå Gnr. 162 Stulen - gnr. 154 Nørdre Tuva Ryddingar i ålmenninga frå ca. 1730.
Nordsida av Otta (solsida) frå vest mot aust:
Billingsdalen Grotli – Gnr. 112 Øyberget Ryddingar i ålmenninga frå ca. 1800.
Jøingslia Gnr. 134 Fallingen – gnr. 172 Sletten/Banken Ryddingar i ålmenninga frå ca. 1800.
Langleitsgrenda Gnr. 114 Rudi (Ånstadplass) – gnr. 117 Søre Langleite Ryddingar i ålmenninga frå ca. 1730.
Bruheimsgrenda Gnr. 118 Lykre – 127 Skei og Bismo Eldre jernalder.

Denne grenda, eller ein del av den, har også vorte kalla Robbestronde.


Tettstaden Bismo, på grensa mellom Skjåk og Nordberg på solsida, er i dag bygdesenter med kommuneadministrasjon, ungdomsskule og idrettshall, industriverksemder, kjøpesenter og ei rekkje andre verksemder innan tenesteytande næringar.