Skjoldastraumen sluser
Skjoldastraumen sluser er eit sluseanegg i Skjoldastraumen i Ryfylke i Rogaland, og er dei einaste saltvass-slusene i Noreg som framleis er i bruk.
Bruken av slusene går langt tilbake i tida. På 1600-talet gjekk mindre skotske trelastfartøy, som var ein del av den såkalla skottehandelen, gjennom straumen. Men løpet var så grunt at det ofte hindra større båtar i å koma inn i sjølve Skjoldafjorden. Etter kvart vart det eit såpass stort problem for handel og næring i Skjoldabygdene at austre kanal vart utbetra i 1872. Men arbeidet viste seg å vera ein fiasko. T.d. måtte dampskipet «Skjold» gje opp freistnadene på å koma gjennom.
Stor rutebåttrafikk
Frå 1893 tok ein til å planleggja bygging av sluser, men først i 1904 tok ein for alvor til med utgravingsarbeidet. Slusene vart høgtidleg opna laurdag 14. november 1908. Som første skip gjekk dampskipet «Robert» gjennom, følgd av dampskipa «Skjold», «Karmøy» og «Vidar». I avisa Haugesunderen kunne ein lesa: «I dag ringes en ny tid ind for bygderne der. Ved at sluseportene er aabnede er verden derude rykket nærmere ind på livet.»
Den totale kanallengda var 430 meter. Frå port til slusekammeret var det 41 meter langt, medan breidda var 7 meter.
Slusene vart frå første stund ein stor suksess. Det vaks fram ein stor rutebåttrafikk til Stavanger og Haugesund. Med aukande biltrafikk meldte det seg også ein trong for fast samband over straumen, og i 1932 vart bruene over straumen og slusene opna. I 1987 vart nye bruer tekne i bruk.
I 1995 vart anlegget restaurert, og den gamle svingbrua gjenopna. Samstundes vart sluseparken opna.
Kjelder og litteratur
- Njål Tjeltveit: Bygda sitt hjarta. Båtstoppestader i Ryfylke. Utg. Ryfylkemuseet, 1993.
- Tysvær. Slik levde dei. Band 9. Frå 1820 til 1920. Tysvær kommune, 1997.
- Infotavle ved slusene i Skjoldastraumen.