Vassenden krins

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Skuleveg: Høydal-Vassenden»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vassenden krins 1911-1959
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Vassenden krins i Hyllestad kommune vart etablert i 1911 då Høydal, Sundbotn og Horne krinsar vart slått saman til ein krins. Krinsen vart slegen saman med Øen krins i 1959.

Skulehus

Vassenden skule

  • Byggeår: 1910
  • Fungerte som skule: 1910-1959
  • Anna bruksområde: Fritidsbustad, i privat eige.

Skuledagen

Skulevegen

Til skulehuset på Vassenden kom elevar gåande frå Høydal, Sundbotten, Vassenden, Ramsgrø, Horne og Liane. Då skulen på Vassenden vart lagt ned og elevane starta på Øen skule, vart alle borna i kretsen henta med drosje.

Høydal-Vassenden

Skulevegen frå gardane på Høydal til skulehuset på Vassenden i Hyllestad kommune var om lag 2,7 km kvar veg.

Torleif Hauken frå Høydal starta på skulen i 1954. Han gjekk på Vassenden i fem år før skulen vart lagt ned og han måtte gå på skule på Øen. «Eg hugsa eg kvidde meg litt når eg skulle på ein stor skule». På Vassenden var det samla skule for elevane frå alle alderstrinna, og då Torleif gjekk på skulen var dei ikkje meir enn 5-6 elevar.

Torleif gjekk vegen åleine kvar dag frå han starta på skulen, og var lenge sikker på at han aldri kom til å gå den vegen igjen frivillig. «Eg har gått fleire turar no berre på moro,» seier Torleif og ler. Ei gamal trebru utan rekkverk kryssa elva rett før han kom fram til Vassenden. Når det var mykje vind fekk eg beskjed om å vere forsiktig over brua. Eg måtte av og til vente med å krysse elva til dei verste vindkasta ga seg.

Det var mykje å sjå etter vegane, og det hendte at han ikkje kom heim før langt ut på ettermiddagane. Då fekk eg skjenn, seier Torleif. Det gjekk litt raskare etter at han fekk sykkel, og på vinteren gjekk han av og til på ski. Det siste året på Vassenden hadde også nabojenta starta på skulen, og dei to borna frå Høydalen gjekk saman, men på høveleg avstand.

Horne/Liane-Vassenden

Magnar Fleten (f. 1947) budde i Liane i Horne og hadde om lag 3.5 km å gå til skulehuset på Vassenden. «Det var ein tung veg å gå, det var lite brøytt, og når det var mykje snø var far min og henta oss med hest og slede», minnast Magnar. Turen til og frå skulen kunne ta alt frå ein halv til ein time. «Det var alt etter kva vi fann på på skulevegen», seier Magnar.

I tida Magnar gjekk på skule var dei tre born som gjekk ilag.

Lærarar

Torleif Hauken frå Høydal starta på skulen i 1954 og hugsar godt lærarane, sjølv om det var ein ny lærar kvart år. Han hugsar Audun Glamnes, Magne Hatlem, Signy Sørebø, Maren Indrebø Hovland og Arvid Skogly. Arvid var sonen til læraren ved Øen skule og var berre 17 år då han starta som lærar ved Vassende skule. Før han fylte 18 år og kunne køyre bil, sykla han kvar dag frå skulehuset på Øen der han budde med foreldra sine. Det var om lag 4 km kvar veg.

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Informant: Torleif Hauken
  • Informant: Magnar Fleten


Koordinater: 61.243111° N 5.225083° Ø