Slåkåvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Slåkåvegen i Frølandgrenda med garden Bergene (gnr. 76/1).
Foto: Roy Olsen (2021).
Slåkåvegen er ein 12,5 kilometer lang skogsveg med bom i Sauland i Hjartdal kommune. Han tar av sørover frå Frølandvegen i Frølandgrenda og følgjer Slåkådalen fram til hyttegrender ved Slåkåvatnet aust for Mælefjell.
Vegen har namn etter stulseigedomane Søndre Slåkja (gnr. 80/9) og Slåkja (gnr. 80/7), eller kan hende det er Slåkåvatnet som er namneopphavet. Han vart namnsett i 2011.
Ved Slåkåvatnet møtast Slåkådalen og Grunningsdalen. På Slåkja, bnr. 7 er det pr. 2021 sett opp 59 hytter, dei fleste på 1980-talet.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Kleveland Karlsrud, Gjertrud: Hjartdalssoga, gard og ætt, band 2, Sauland. Hjartdal kommune 1992.
- Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf