Sognehuset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sognehuset fotografert tidleg på 1900-talet av Ole O. Bakke. Bilete frå samlinga til Norsk Industriarbeidermuseum.

Sognehuset var ein bygning som låg på klokkargarden Nørstegard sin grunn, i Atrå sogn, Tinn kommune. Gjennom meir enn to generasjonar fungerte Sognehuset som den viktigaste offentlege institusjon for bygdefolket i Atrå. Særleg frå slutten av 1880-åra og fram til Atrå Samfunnshus vart opna i 1960, representerte Sognehuset ein sentral arena for politikk og kulturliv i bygda. Huset vart vølt så seint som i 1950, men rive i 1969.

Historia om Sognehuset som institusjon går attende til 1850-åra. Da kjøpte Tinn kommune Nørstegard, som vart den første verkelege fastskulen i kommunen. I 1856 innvigde kommunen ein ny skulebygning, som seinare blei flytta litt aust for den såkalla Dugningshaugen, utvida og påbygd med ein etasje. Denne bygningen vart etter kvart kjend som Sognehuset. Årsaka til namnegjevinga var vel helst at bygningen etter kvart fekk fleire og fleire funksjonar i lokalsamfunnet, ut over den opphavlege bruken som fastskule. Allereie før flyttinga fekk huset andre oppgåver enn å vere skule. Elevane gjekk trass alt berre på skulen nokre få dagar i veke, og resten av veka ga bygningen rom for eit mangfald av aktivitetar. Forutan skule var det her styret til Atrå og Mæls sognes Sparebank heldt mange av møta sin, og bankens kasserar – Ole Knudsen – var dessutan identisk med fastskulens lærar. Etter midten av 1880-åra vart bygninga også fast møtestad for heradstyret. Det såkalla «Allmuebiblioteket», som seinare blei Folkebiblioteket, fekk også tilhald på Nørstegard, kanskje så tidleg som frå 1856. Det same fekk ei rad med friviljuge organisasjonar innanfor kultur- og samfunnslivet, til dømes Skilaget, Skyttarlaget og Ungdomslaget. Alle desse heldt møte og festar på Sognehuset.

Da Marum Ulleren skule vart opna i 1926, vart det meste av aktiviteten i skuleverksemda overført dit. Berre undervisninga i sløyd gjekk framleis for seg på den gamle skulestaden. Slitasjen på Sognehuset hadde vore formidabel i åra frå slutten av 1880-talet, og mange ønskte seg ein ny bygning for den offentlege og private verksemda som huset romma. Da nokre politikarar så seint som i 1956 tok til orde for å rehabilitere Sognehuset, ga Gunhild Dybdal, som seinare vart rektor ved Atrå ungdomsskule, kraftig uttrykk for si misnøye med forslaget i eit lesarinnlegg. Ho avslutta slik:

La oss rive den gamle, stygge rønna, så får vi leikeplass til skulen. Soknehuset vert aldri noko pryd for bygda um det får aldri så mange reparasjonar.

Slik gjekk det også. I 1968 vart det sett i gong riving. Tinn skilag fekk oppdraget, og året etter var Sognehuset borte.

Litteratur

  • Espeland, Per: Atrå Samfunnshus 1960-2010, Styret for Atrå Samfunnshus 2011.