Steinhuggeriet Kjørsvik & CO
Hopp til navigering
Hopp til søk
Steinhuggeriet Kjørsvik og CO var eit føretak basert på Nordlandet i Aure kommune. Steinhoggeriet vart starta i 1951 av Olaf Bergheim Kjørsvik og Kristoffer Kjørsvik. På det meste var 5-6 mann i arbeid her.
Steinhuggeriet produserte mellom anna gravstøtter, som for det meste vart selde til Finnmark, Troms og Nordland.
I 1968-1969 vart steinhuggeriet nedlagt, då det ikkje lukkast å reisa kapital for innkjøp av ei steinsag.
Kjelder
- Nordlandet skole: Arbeidsliv på Nordlandet. I: "Tu Aurgjelda", 1998