Stolmen Ungdomslag (Austevoll)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stolmen Ungdomslag vart stifta i 1900 som det første frilyndte ungdomslaget i Austevoll kommune. I 1903-04 bygde ungdomslaget eige forsamlingshus, Stolmen Ungdomshus, som var det første i sitt slag i kommunen. Det vart bygd på ei tomt som grunneigarar på øya gav som gåve til ungdomslaget. Det meste av byggjearbeidet gjekk føre seg på dugnad, og kostnadene vart dekka av innsamla midlar på øya og pengegåver frå utflytta stolmarar. Ungdomslaget vart lagt ned i 2018, og det same året vart huset selt til ein av innbyggjarane på øya. Huset er i bruk som lager.

Kjelder og litteratur

  • Drivenes, Olav: «Stolmen – lokale for ungdommen». Det hender så mangt. Eit langt liv i Bekkjarvik og Austevoll. Ei samling forteljingar. Utg. av Selbjørn Fiskerisogelag 2018.
  • Årsmøtereferat for Stolmen Vel 19. mars 2017.
  • Referat frå møte i Stolmen Vel 2. juli 2017 vedrørande sal av huset.
  • Tinglesen gåve av utmark frå oppsitjarane på Våge, Aarland og Stangeland til Stolmen ungdomslag. 2. des. 1903.