Strandine (veg i Tokke)

Strandine er ein veg i Lårdal i Tokke kommune som går austover frå Lårdalsvegen ved Lårdal brygge, følgjer Strandine og breidda av Bandak og endar ved eigedomen Sjauset (gnr. 1/20). Vegen blei bygd ferdig i 1936 og er 2,9 kilometer lang. Kostnaden var 25 000 kroner. Ved Svenskerud går ei 400 meter lang avgreining til Verket (gnr. 1/32).

Parti frå vegen Strandine.
Foto: Roy Olsen (2024).

Vegen har namn etter staden han går – Strandine.

Se også

Kjelder


Koordinater: 59.42446° N 8.18823° Ø




Om bruket Dokken (Dokki) Gnr. 8/22 står skrive i Lårdal bygdebok II side 453:

Ei «dokk» tyder eit søkk i terrenget, og dette bruket var og fram til 1924 plass under Rikheim. Her var haugar og bakkar, og rett frammafor tunet heiter det «Hagadokki».