Straumen skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumen skule var skule for Straumen krins i Solund kommune i Sogn. Skulen vart etter kvart kjend som Ytre Solund skule, og vart lagt ned i 2013/14.

Skulehuset

Straumen skule vart teke i bruk ein gong mellom 1937 og 1939. Bygningen går over tre plan. I underetasjen er det gang, trapperom, sal brukt til forming/kjøkken, toalett, vaskerom og lager. I første etasje er det gang, trapperom, bad, klasserom, bibliotek, kontor, pauserom og arbeidsplass. På loftet er det gang, trapperom, kontor, klasserom og grupperom. Bygningen vart modernisert og tilbygd med eit lite trappehus i 1994 og eit større trappehus i 2004.

Det tidlegare skulehuset ligg rett ved eit grendahus.

Bygningen vart lagt ut for sal våren 2018.

Anna bruksområde

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Hjønnevåg, Margit. Straumen skule er historie. Solund Sogeskrift år 2015, s187.
  • Femårsmeldingane for skulane i Sogn og Fjordane. Arkivert hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.011554° N 4.673296° Ø