Sunnmørshistoria (prosjektskisse)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sunnmørshistoria»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnmørshistoria (prosjektskisse). Sunnmøre Museum gav i 2014 ut boka "Gull av gråstein" - Næringsliv på Sunnmøre gjennom 250 år. Forfattar er historikar Eldar Høidal ved Vitimusea. Boka vart gjeven ut på Selja Forlag. Til grunn for skrivearbeidet låg ei prosjektskisse som er lagt inn nedanfor.

Innleiing

- Som bergensar kan du, til ein viss grad, ikkje for sterkt, lene deg tilbake og kjenne Håkonshallen i ryggen. Om du seier du er frå Sunnmøre, og lener deg tilbake, dett du i havet! - Agnar Mykle

Det er få regionar som det er knytt så mange forestillingar til som Sunnmøre. Forestillingane har nærast blitt nasjonalt arvegods og har festa seg slik at dei etter kvart fortener å bli kalla myter. Agnar Mykle var blant dei som bygde opp under mytane om Sunnmøre og sunnmøringen, og han gjorde det med ei blanding av kjærleik og hat, men aldri med likesæle. Forestillinga om den nøysame og trottige sunnmøringen som arbeider hardt og lenge for lite, er ikkje ny. Allereie i midten av 1800-talet vart sunnmøringen kalla Noregs kinesar. Karakteristikken vart mellom anna nytta for å forklare kvifor det offentlege fyr- og merkevesenet valde dei organisasjonslause og innsatsviljuge sunnmøringane til å lyse opp farleia langs kysten. (Nerbøvik 1997, s. 298) Forestillingane lever i beste velgåande. Etter at første nestleiar i Stortingets næringskomite Svein Flåtten (H) vinteren 2011 hadde vore på vitjing i den maritime næringsklynga på Sunnmøre uttalte han til ei avis i heimfylket sitt, Vestfold: ”Folk frå Møre og Romsdal, og særlig frå Sunnmøre, holdes for å være noen (av) de mest driftige og foretaksomme grupper i landet. I tillegg til at de historisk er både nøysomme, måteholdne og nøkterne. (Tønsbergs Blad 5.2.2011)

Trass i at sunnmøringen har vore halden fram både som prototypen på ein materialistisk strebar og som eit føredøme innan den nasjonale næringsutviklinga, har det ikkje vore skrive noka samla framstilling om økonomi og næringsliv på Sunnmøre dei siste to hundre åra. Denne mangelen ønskjer Sunnmøre Museum å rette på ved å ta på seg arbeidet med å gje ut ei samfunns- og næringssoge for Sunnmøre for perioden ca 1814 til 2014. Verket skal gjevast ut i året då landet skal høgtide 200-årsjubileet for den norske grunnlova. Vi ser for oss eit verk der vi gjennom ei kronologisk framstilling dreg opp hovudlinjene i den økonomiske utviklinga i regionen. Verket skal vere rikt illustrert, både med måleri, kart, informative tabellar og bilete frå eldre og nyare tid. Sunnmøre Museum er mykje oppteken av formidlingsaspektet, og har i fylkessamanheng eit særleg ansvar for å finne nye måtar å formidle historisk kunnskap på til unge og gamle. Dette særskilte ansvaret vil vi også skal kome til uttrykk i sunnmørssoga. Sjølv om det i det ytre skal vere eit tradisjonelt bokverk med stiv innbinding, vil framstillingsforma og presentasjonen bli lagt opp slik at det kan lesast med utbyte, bolkevist eller fullt ut, av menneske i ulike aldrar og med ulike erfaringsbakgrunnar og interesseområde. Her skal vere stoff både for dei som er interessert i dei lange historiske linjene, og dei som har ei spesiell interesse for båttypar og fiskereiskap, matskikkar, lokale steinmuringsteknikkar og folkedrakter, til dømes.

Bakgrunn

Tanken om å gje ut ei sunnmørssoge frå dei siste hundreåra er ikkje ny. Allereie kring 1970 vart det oppretta ei studiegruppe for Sunnmøre som gjennomførte fleire djupdykk i den regionale historia. Samfunnsforskaren Stein Ugelvik Larsen var allereie i denne fasen ei sentral drivkraft i kjeldeinnsamling- og forskingsarbeid, og gruppa la opp til eit tverrfagleg samarbeid for å kaste lys over den regionale utviklinga frå fleire vinklar. I 1984 kom det ut eit første band i Sunnmøres historie: Frå dei første fotefar. Så, i 1994, følgde eit større verk med bidrag frå fleire forfattarar; I balansepunktet. Her vart sunnmørssoga ført fram til 1660. For om lag tre år sidan vart det sett i gang eit utgreiingsarbeid for å få vurdert om det var mogeleg å få realisert ei sunnmørssoge for dei siste hundreåra. Det vart sett ned ei styringsgruppe samansett av representantar for høgskulane i regionen, fylkesbiblioteket og Sunnmøre Museum. Ein stor del av arbeidet til styringsgruppa var knytta til finansieringa av bokverket. Etter at ein hadde gått nokre rundar i det private næringslivet, og til ulike institusjonar som kunne gje støtte, vart konklusjonen at ein kunne få realisert eit verk med særleg fokus på regionen sin innhaldsrike næringshistorie. Sunnmøre Museum tok på seg å vere koordinator for prosjektet. Ein legg opp til at det vert gjennomført i eit tett samarbeid med dei opprinnelege prosjektpartane: høgskulane, fylkesbiblioteket, Sunnmøre Museum og andre kulturinstitusjonar i regionen som Jugendstilsenteret i Ålesund og Aasentunet i Ørsta. Det vil bli nemnt opp ein eigen redaksjonskomite for arbeidet. Her skal det sitje fagfolk som har røynsle frå tilsvarande arbeid tidlegare og som kan sørgje for at samfunnsutviklinga på Sunnmøre vert vurdert i lys av utviklinga i andre regionar, på riksnivået og at ein også har med relevante internasjonale perspektiv.

Avgrensingar og opningar

Når vi i verket vil konsentrere oss om den økonomiske voksteren og næringsutviklinga i regionen dei siste to hundre åra vil ikkje det seie det same som at vi halde vekke dei kulturelle, religiøse, organisasjonsmessige og politiske sidene av samfunnsutviklinga. Desse sidene av samfunnslivet vil naturleg falle inn i framstillinga fordi dette er faktorar som er med å gje retning til den økonomiske utviklinga og som avgrensar, eller opnar opp, handlingsrommet til menneska i denne geografiske eininga i fortid og notid. Ja, skal vi greie å trenge gjennom mytane og finne ut kva som har særprega samfunnsvoksteren og menneskelivet på Sunnmøre dei siste to hundre åra, kjem vi ikkje unna vurderingar av kulturelle og religiøse trekk, trekk som kan påverke etiske normer og arbeidsmoral til dømes. I handsaminga av den økonomiske utviklinga kjem vi heller ikkje utanom handsaming av dei politiske, administrative og organisasjonsmessige rammene for det økonomiske livet. At laugsreguleringar og handelsrestriksjonar vart mildna frå tidleg på 1800-talet påverka sjølvsagt sjansane til sunnmøringane til å vere verksame på det økonomiske området. At sunnmøringane lenge stod utanfor dei faglege organisasjonane i arbeidslivet påverka også driftsvilkåra til dei nye ferdigvarebedriftene som voks fram her frå mellomkrigsåra av.

Vi skal vakte oss vel for å late oss styre av mytane om sunnmøringen. Mytane fokuserer i stor grad på entreprenøren som i regelen er ein mann. Eit slikt fokus vil gje eit lite dekkande bilete av næringslivet på Sunnmøre dei siste par hundre åra. Vi veit at menn sitt engasjement i til dømes fiskeria, fangstlivet og hamne- og merkevesenet gjorde at store delar av bygdesamfunna i lange periodar berre bestod av kvinner, born og eldre. Vi vil spørje oss kva følgjer dette fekk for samfunnsutviklinga. Vi vil i verket søkje å bruke eit integrert kjønnshistorisk og familiehistorisk perspektiv, parallelt med at vi søkjer etter særkjenne ved dette samfunnet som skilde det frå andre regionar. Vi vil også prøve å krinse inn det mentale Sunnmøre. I kor stor grad oppfatta sunnmøringane seg som sunnmøringar. Kanskje kjende dei seg heller som vestlendingar, eller både og? Kor sterk var samkjensla sunnmøringane i mellom tidleg på 1800-talet. Var det særskilde område dei samhandla innanfor – t.d. fiskeria? I kor stor grad avgrensa dei seg mot menneske i nord, aust og sør? Korleis vart sunnmøringane vurderte av dei som stod utanfor regionen, samtidige individuelle observatørar og styresmaktene? Kva med dei ulike delane av fogderiet, finn vi ulike utviklingslinjer i den søre og nordre luten, eller indre fjordbygder og ytre kyststrok?

Interessa for å gje ut ei regionsoge for Sunnmøre speglar ein tendens i tida. I Noreg har det dei siste åra kome ei rad med fylkes- og regionsoger, til dømes Nordnorsk kulturhistorie i to band, Trøndelags historie i to band, Rogalands historie i to band, Østfolds historie i fire band. Fleire prosjekt er under arbeid, mellom andre fylkessoge for Sogn og Fjordane og Telemark og regionhistorie for Hardanger. I 1996 låg det også føre tre band i fylkeshistoria for Møre og Romsdal. Dette er ikkje berre eit norsk trekk. Medan nasjonsgrensene vert bygde ned gjennom multilaterale og globale samhandlingsfora, står regionane fram som einingar med nytt funksjonelt innhald og som einingar som svarar til enkeltindivid sin trong for å høyre til ein stad og som dei kan knyte sin eigen identitet til.

Ein kan sjølvsagt stille spørsmålet om kor mange regionhistorier ein treng i eit land som Noreg. Sunnmøre er korkje eit fylke eller ein landsdel, berre ein del av eit fylke, Møre og Romsdal. Regionen er omtala med mange av sine særkjenne både i nasjonale historiebøker, i fylkeshistoria og i Vestlandshistoria. Kanskje det kunne vere tilstrekkeleg? Kvifor trekkje denne regionen, med 17 kommunar, ut av samanhengane han står i og heve Sunnmøre og sunnmøringen fram som noko særmerkt? Spørsmålet kan med god grunn stillast, og det kan visseleg vere eit nyttig korrektiv i det vidare arbeidet med ei slik regionsoge. For soga vil vere av lita verdi viss det vert slik at Sunnmøre vert handsama utskilt frå dei rammene som regionen ligg innanfor. Vi meiner likevel at Sunnmøre er ei soge verdt. Ein viktig grunn er allereie nemnt, dei slitesterke fordommane som har råka sunnmøringane og Sunnmøre. Dei fortener merksemd, anten dei handlar om den påståtte sunnmørske fiskeimperialismen i nord eller den særmerkte eksporten av skrivande, snakkande og forkynnande menneske i aviser, kringkasting og bedehus landet over. Ei sunnmørssoge er legitim også utifrå reine formelle kriterium. Sunnmøre har vore ei administrativ eining i Noreg frå mellomalderen. Sunnmøre vart styrt av ein adelsmann som hadde fått området i len av kongen. Til å stå føre den daglege forvaltninga av sunnmørslenet knytte lensmennene til seg ein fut, eller foged som det heitte på dansk. Dette var då opptaket til det som seinare vart nemnt som fogderiet Sunnmøre. (I balansepunktet s. 251.) I 1671 var fogderiet Sunnmøre ein del av den nye skipnaden Romsdals amt, som tilsvarer dagens Møre og Romsdal fylke. Sunnmøre er i dag ikkje ei eiga eining i det politiske styringssystemet, men administrativt er Sunnmøre samansett av to tingrettsområde; Søre Sunnmøre tingrett og Sunnmøre tingrett. Utover dette har det vore meir lause og friviljuge samarbeidsordningar mellom kommunane, og i dei siste åra har det vore ei veksande interesse for interkommunalt samarbeid på Sunnmøre. I 2012 vart heile regionen samla i Sunnmøre Regionråd etter at dei siste kommunane på Søre Sunnmøre gav opp sitt eige regionprosjekt. Industrileiarar har dei siste åra snakka om storbyen Sunnmøre og drøymer om eit felles bu- og arbeidsmarknad med faste samband gjennom bru- og tunelløysingar for alle kommunane i regionen. Jau, Sunnmøre lever, ikkje berre som myte og forestilling. Mykje tyder på at regionen vil bli endå tettare integrert i åra framover enn han har vore hittil. Sunnmørssoga kan vise kva for føresetnader denne integrasjonen kviler på.

I dette verket er ikkje diskusjonen omkring kronologisk kontra tematisk framstilling særleg fruktbar. I utgangspunktet kan det sjå ut som eitt tema, økonomi – næring, er trekt fram på kostnad av andre. Men som nemnt vil ikkje dette grepet hindre tverrtematisk gjennomgang av det historiske utviklingsløpet. Vi vil hevde at ei framoverskridande forteljing gjev lesaren best oversyn over samfunnsvoksteren og større høve til innsikt i dei prosessane som har forma samfunnet. Ved ei tematisk inndeling av soga risikerer ein at faktorar som påverkar kvarandre og flettar seg saman til historiske resultat vert ståande utan den forklaringskrafta som dei kan gje i den kronologiske forteljinga. Det er elles fare for at faktorar og argumentasjon som er sentrale for å forklare eit gjeve resultat blir uteletne fordi dei er handsama i ein annan del der redaksjonen meiner dei høyrer heime. I ei kronologisk framstilling som skal sjå på fleire tema samstundes, er det på den andre sida større risiko for at viktige element vert haldne utanfor eller at det mangfelte samfunnet vert teikna med ein for grov penn. Vi vil i dette verket prøve å råde bot på dette ved at ein, i tillegg til den kronologiske hovudforteljinga, vil ha med rammetekster som går i djupna på ulike område.

Hovudperspektiv

Når vi i dette verket går inn i sunnmørssamfunnet, i åra kring napoleonskrigane, vil vi finne eit samfunn som i stor mon levde av det jorda og sjøen kunne gje. Gjennomsnittshushaldet var samansett av kone, mann, barn og tenestefolk som alle tok del i det daglege arbeidet utifrå sine føresetnader. Hushaldet hadde nokre kyr og sauer/geiter og var stort sett sjølvsforsynt med mat, klede og utstyr til heim og gard. Men bondesamfunnet var ikkje upåverka av tilhøva i nasjonen og samvirket nasjonane i mellom. Under napoleonskrigane var dobbeltriket Danmark – Noreg i krig med England som gjennomførte blokade av norskekysten slik at det var vanskeleg å få fram forsyningar av t.d. korn. Difor var sunnmøringane og nordmenn flest langt meir sårbare enn dei tidlegare hadde vore for svingningar i årsveksten. Åra kring 1810-12 er rekna som naudsår, men den nye nytteveksten, poteta, og silda og torsken i fjordane, gjorde at dei fleste berga seg gjennom med livet i behald.

I framstillinga vil vi syne dei generelle utviklingstrekka ved å vise fram representative døme på næringsutvikling i sunnmørsbygdene. Landbruket gjekk gradvis fram med auke i kunnskap om betre driftsmåtar, nye nyttevekstar og dyreslag som mellom anna sokneselskapa var talerør for i fleire bygder. I Volda gav opplysningsmannen Sivert Aarflot praktiske råd til landbrukarar i distriktet gjennom avisa Norsk Landboeblad som byrjar å kome ut frå 1810. I Ørsta slo haugianaren Webjørn Svendsen frå Telemark seg ned og la grunnlaget for ei blømande verksemd med vide forgreiningar. I ei av grannebygdene, Sykkylven, kom Nils L. Aure og Lars Karl A. Aure i gang med eit teglverk på ein utmarksteig på garden Aure kring 1814. Teglstein var etterspurt som bygningsmateriale. I 1830-åra var husbyggarar i den ekspanderande tettstaden ved Ålesundet gode kundar for teglsteinprodusenten. I fleire år var Aure teglverk den einaste verksemda i fogderiet som vart definert som industribedrift.

Lengten mot havet

Sunnmøre er eit kystdistrikt og den nære tilgangen til ressursane i havet har på fleire måtar vore med å prege lagnaden til folket her. Prestefrua Magdalena Thoresen skreiv i ei samtidsskildring i 1862 at øyfolket ”giver Jordstellet Pligten og Havet Tilbøieligheden.” Embetsmenn og utanforståande observatørar klaga lenge over at mennene på Sunnmøre brukte for mykje tid på fiskeria og forsømte det dei såg på som ryggrada i den økonomiske verksemda, landbruket. Men hushalda trong kontantar og ingen stad var det lettare å skaffe seg slike enn i fiskeria. Rett nok veksla fiskelukka og fiskeprisane, i tillegg til at fisket var ein aktivitet der sjølve livet vart sett på spel.

I dette verket vil vi prøve å kaste nytt lys over verdien til fiskeria langs sunnmørskysten og på dei andre fiskefelta der sunnmøringane hadde sitt virke. I denne samanhengen må framvokstren av fiskesenteret Ålesund stå i fokus. Ålesund var ein liten husklynge med ca 200 innbyggjarar då staden fekk ladestadstatus i 1792. Nokre tiår seinare, i 1848, fekk Ålesund fulle rettar som by. Kva var drivkreftene bak denne raske veksten? Kven eigde båtane, korleis vart verdien av fangstane fordelt, kva vart pengane som kom inn frå fiskeria investert i? Kva for rolle spelte Ålesund i høve til nabokommunane på dette tidspunktet? I denne bolken må vi komme nærare inn på den utstyrsmessige utviklinga som skjedde i fiskeria på denne tida, ei utvikling som tillet fiskarane å operere på fiskefelt langt frå kysten. Svenskane var med sine svenskrullar pionerar innan bankfisket, og i åra frå 1860 – 1885 viste dei veg for sunnmørsfiskarane som snart følgde etter med nye båttypar. Møringsbåten avløyste den opne åttringen og mot slutten av hundreåret var det knapt nokre båtar igjen av den gamle sunnmørstypen. Fisket vart frå hundreårsskiftet i større grad eit heilårsyrke. Vi må sjå nærare på kva for konsekvensar det fekk for sunnmøringar i indre og ytre strøk. Kva for verknader fekk veksten i, og profesjonaliseringa av, fiskeria for arbeidsdelinga i hushaldet?

Kapitalistisk ånd og protestantisk etikk

Eit tema i sunnmørssoga vil vere vekselverkninga mellom kulturelle og religiøse impulsar og næringsaktivitet. Vi har vore inn på det allereie, og kan godt understreke det igjen – i ei soge om Sunnmøre vil det vere merkeleg å setje opp eit skilje mellom kultur og religion på den eine sida og økonomisk verksemd på den andre. Det er ikkje berre Max Weber som har sett samanhengen mellom ein protestantiske etikk og den kapitalistiske ånda. Heilt frå Hans Nielsen Hauge vandra gjennom Sunnmøre i 1799 spring det ein i auga at næringsengasjementet ikkje har vore merkande hemma av religiøs aktivitet og samling rundt Ordet. Om ein søkjer vil ein elles ikkje ha vanskar med å finne entreprenørskap både på det materielle og kulturelle området, og områda kryssar kvarandre ut i eitt. Jostein Nerbøvik let to entreprenørar møte kvarandre i boka si om fyrbyggjarane frå Sunnmøre. Det var fyrpioneren Ole Gammelsen Mork frå Morkabygda i Volda og språkreisaren Ivar Aasen frå Hovdebygda i Ørsta. Dei har begge sett varige spor etter seg. Den eine i farleia langs kysten, den andre i avis- og boksider både fjordlangs og i turre innlandet. Nerbøvik finn også at sunnmøringar greip aktivt tak i sjansen dei fekk til å ta del i stats- og lokalstyret då røystrerettsreglane tillet det frå tidleg på 1800-talet. Dei var også entreprenørar i den nasjonale skulebygginga, og i midten av 1920-åra låg den største lærarskulen i Skandinavia i Volda. I sunnmørssoga vil vi ganske visst finne mange døme på vekselvirkningar mellom kulturelle og religiøse impulsar og næringsmessig nyskaping. Kva for omfang dette hadde, kor særmerkt det er og kva for slutningar vi kan trekke av det, står att å sjå.

Krise eller normaltilstand?

Sunnmøre var ikkje blant dei første regionar i landet som vart industrialisert. Her også var fossefall, men utanlandske og innanlandske investorar kasta i første rekkje auga sine på fossefall lenger sør langs vestlandskysten då dei ville ha kraft til sine råvareforedlande maskinar. På Sunnmøre var det berre spreidde gruvetiltak som ikkje fekk avgjerande verdi for samfunnsforminga. Fiskeindustrien i Ålesund og på øyane rundt stod utan stor konkurranse om arbeidskrafta då han voks fram og ekspanderte frå midten av 1800-åra. Ålesund var lenge det forjetta landet for arbeidsviljuge menn og kvinner frå indre fjordstrok, og eit meir nærliggande alternativ til amerikareis og det store oppbrotet – i alle fall fram til ut i 1920-åra. Byvekst, bybrann og attreising av regionsenteret må få brei omtale, også Ålesund si rolle som motor i den økonomiske utviklinga. Kor langt inn i fjordane nådde ålesundskapitalen? Fisken som vart foredla og omsett av entreprenørane i Ålesund gav grunnlag for knoppskyting og vekst i varehandelen, og for utvikling av bankvesenet. Både handelsfirma og bankar i byen engasjerte seg i næringstiltak i bygdene, og kapital skapt i landkommunane vart plasserte i bybankane, så i alle fall finn vi indirekte sambandsliner mellom by og bygd i næringsutviklinga.

Mellomkrigsåra har i den nasjonale historielitteraturen blitt framstilt som ei krisetid. Også nyskapinga som skjedde innan ferdigvareindustrien på Sunnmøre har gjerne blitt sett i eit kriseperspektiv. I eit forskingsprosjekt der ein søkte å kaste lys over strukturendringane i industrien under krisa i 1930-åra, vart også framveksten av møbelindustrien i fjordkommunane på Sunnmøre i 1920- og 30-åra belyst. Prosjektet resulterte i ei bok med tittelen ”Vekst gjennom krise.” (Francis Sejersted, red. 1982.) Det er likevel ikkje krisepreget som slår ein først i auga når ein går inn i bygdesamfunn som Hareid, Ulsteinvik, Herøy, Haram, Skodje, Sykkylven, Stranda, Stordal, Ørsta og Borgund i 1930-åra. Vel var det ringare arbeidsutsikter i den næraste byen, og vel var det etter kvart blitt slutt på dei faste arbeidsreisene til kysten og vinterfiska, men dei stod ikkje rådlause og gjerandelause. Dei nytta nedervd kompetanse og ein uslåeleg arbeidshug til å rydde seg veg i produksjonsgreiner som båtbygging, reiskapslaging, konfeksjons- og møbelindustri. Dei hadde ein handlingsboren kunnskap frå arbeidsrøynslene til fiskar- og småbrukarfedrene og - mødrene. Frå havet hadde dei vore vande med å gripe sjansane når dei var der, og kaste garna når stimane viste seg. No var det sjansar av andre format som viste seg fram, men det var ingen som stogga framtøkne sunnmøringar når dei såg eit høve til å skape seg nye utvegar. Dei hadde lite å falle tilbake på, lente dei seg tilbake ville dei falle i havet, for å sitere Mykle. Sunnmøringane var ikkje hemma av tradisjonane. Når høvet låg der til å nå nye kjøpesterke marknader, og til å nyttiggjere seg av arbeidssparande teknologi var dei der og sprang framom dei etablerte som ville bremse opp og sjå på korleis ting var gjort frå før.

Rike etterkrigsår

I åra etter krigen satsa regjeringa sterkt på å byggje opp den kraftkrevjande eksportindustrien som skulle skaffe utanlandsk valuta til landet. På trass av den statleg tilrettelagte veksten i einsidige industrisamfunn, voks små bedrifter innan mekanisk industri, fiskeforedlingsindustri og forbruksvareindustri fram på brei front på Sunnmøre. Veksten i industrien på Sunnmøre heldt fram då den industrielle sysselsettinga i Noreg kuliminerte i 1974 og veksten har halde fram heilt til i dag, både i talet på tilsette og i omsetningsverdi.

Vi må sjå nærare på dei føresetnadene som denne veksten kviler på. Her må ein gå nærare inn både på dei naturlege og geografiske føresetnadene – nærleiken til ressursane i havet, vasskrafta, på tradisjonar og kultur, på administrative og økonomiske ressursar i det offentlege støtteapparatet og ikkje minst må vi gå inn og sjå på aktørane sjølve, dei som la til rette for aktiviteten, dei som leia bedriftene, utvikla produkta og utførte arbeidet. Samspelet i heile næringskjeda må under lupa. Korleis fungerte samspelet. Korleis kan vi vurdere det i eit kjønnshistorisk perspektiv? Har kjønnsrollemønsteret på Sunnmøre – på grunn av næringsmønsteret eller religiøs forankring – vore klarare definert normativ enn andre stadar i landet? Eller er det slik at (kyst)kvinnene på grunn av det store ansvaret dei hadde for drift av hus og gard i mennenes fråver har fått ei klarere leiarrolle i hushaldet og i delar av det lokale organisasjonslivet enn dei har i andre delar av landet?

Nokre næringslivsaktørar er meir kjende enn andre. Det har lenge vore kjent at banksjef i Privatbanken i Ålesund, Ola Skjåk Bræk, seinare industriminister, trekte i ein del trådar og hjelpte næringsfolk i regionen gjennom mange brottsjøar. Vi må sjå nærare på rolla som Skjåk Bræk og andre aktørar i bankvesenet spelte. Tilhøvet lokalfunderte sparebankar og forretningsbankar med andre rammevilkår i drifta. Vi må også sjå på kva for rolle dei samarbeidstiltaka og organisasjonane som næringslivsaktørar sjølve oppretta spelte i nyskapingsprosessar og konkurranseregulering. I kva grad var det individualistiske og organisasjonslause næringslivet på Sunnmøre viljug til å underkaste seg eksternt pålagt disiplin for å fremje stabile og føreseielege rammevilkår for bedrifter og for samfunnet generelt. Var det offentlege, ved kommunar, fylke og stat medspelarar eller kjeppar i hjula?

Ein raud tråd i framstillinga vil tilhøvet mellom landdistrikta i indre og ytre strok og byen Ålesund vere. Byen voks altså fram frå ein ubetydeleg posisjon til posisjonen som uomstridt regionhovudstad i dei to hundre åra som denne sunnmørshistoria dekkjer. På kva måte er næringsutviklinga i dei andre kommunane på Sunnmøre innvoven i framveksten av byen? Vareadressa til dei første møbelfabrikkane i Sykkylven var Søkkelven pr Ålesund, på grunn av at Ålesund tidleg var hamn for dei store kystrutebåtane. Var Ålesund noko meir enn eit trafikkmessig knutepunkt? I kor stor grad var byen akseptert som førande på det økonomiske feltet, var det skilnader mellom dei ulike næringsgreinene/næringsklyngene på dette området?

Næringslivssoga skal ikkje berre fokusere på dei som stod i brodden for næringslivstiltaka, vi må sjå på det levde livet innanfor og utanfor fabrikkveggane. For sunnmøringen, menn og kvinner, var det ein stor overgang å ta steget innomhus i fabrikklokale der dagen var styrt av klokka og ordrebøkene. Men det vart likevel gjeve ein viss slakke i tøylane dei første åra. Arbeidarane fekk reise heim når dei måtte berge turrhøyet på hesene, eller når sildestimane kokte i fjordane. Slik fekk dei ei gradvis tilvenning til fabrikklivet som etter kvart vart det livet dei måtte lite på når det gjaldt inntekter.

Det har vore hevda at på Sunnmøre meir enn mange andre plassar stod dei tilsette på like line med eigarane, sosialt, økonomisk, kulturelt. Har dette feste i røyndomen? Etter som bedriftene voks, auka avstanden mellom nivåa i bedriftene? Kva for konsekvensar fekk evt. det? Dei siste åra har ein stor del av industrien på Sunnmøre henta inn arbeidskraft frå utlandet. Kva har det hatt å seie for arbeidsmiljøa på bedriftene, for tilhøvet mellom bedriftene og det kringliggande bumiljøet?

Evne til omstilling?

Ein hovudgrunn til at sunnmørsindustrien vann fram i den nasjonale marknaden i mellomkrigsåra var at påhitne gründerar fann fram rasjonelle måtar å produsere varene på. Varetypene var ikkje nye, men produksjonsmåtane var slike at kostnadene per produsert eining kom ned. Sunnmøringane trefte marknaden med tidhøvelege og prisgunstige produkt på grunn av sine industrielle produksjonsmåtar. I etterkrigsåra nytta dei det oppnådde forspranget til å utvikle og foredle produkta slik at dei framleis vart føretrekt framfor rimelegare importprodukt.

Dei siste åra har det vore ei generell innvending mot norsk industri at han har vore for lite viljug til å investere i grunnleggande forskings- og utviklingstiltak. Dette har samanheng både med at industrien er samansett av mindre einingar som kvar for seg ikkje har store nok ressursar til å stå føre grunnleggande forsking, og med at det tradisjonelt har vore liten interesse for teoretiske studiar i den utøvande industrien. Her synest det å vere eit skifte på gang. Vi kan vise til den maritime industrien som har utvikla sitt kunnskapssenter i tilknyting til høgskulen i Ålesund. Vi må sjå nærare på kva som har drive fram denne interessa for forsking og nyutvikling, og kva som har sett bedriftene i stand til å gjennomføre dette løftet. I kva grad har dette samanheng med at utanlandske bedrifter dei siste åra har kome inn på eigarsida i den maritime industrien?

Eit av særmerka ved samfunna langs Vestlandskysten finn vi i veljaråtferda. I den tidlege parlamentariske perioden var dette fullt ut Venstre-land. Dei siste tiåra har veljarane på Vestlandet vandra mot høgre. Fleire forskarar har vist at denne tendensen er særleg tydeleg på Sunnmøre. Frå 1970-åra har det liberalistiske partiet, Framstegspartiet, gjort store inngrep i veljarmassa i kommunar på Sunnmøre. Ved kommuneval har partiet einskilde stader fått 30% prosent oppslutnad og jamvel meir enn det. (Ørskog – Stranda ca 50 % ved nokre val) Valkarta på Sunnmøre har dei siste tiåra hatt ein klar blåfarge. Det gjeld også for regionhovudstaden Ålesund, sjølv om arbeidarrørsla, m.a. gjennom stor tilflytting av arbeidskraft frå andre delar av landet, har fått eit solid feste i byen.

Vi må søkje etter grunnar til denne tydelege politiske tendensen. Er det slik at det næringsliberalistiske innhaldet i politikken til høgre-partia stemmer best overeins med den næringspraksisen og mentaliteten som har særprega regionen? Arven frå fiskeria og den tidlege industrien der sjømannsskap/fagmannskap og teft, ikkje eigarskap, var avgjerande for status og rollefordeling.

Kva med kulturlivet sine vilkår? Kva for rammer hadde kunsten å operere innanfor, måtte han vere nyttig, lønssam? Vart kunstnarspirer eksporterte, eller fann dei seg næringsgrunnlag i heimlege grender? Til kva kostnad? Kva med næringslivet sin bruk av lokalprodusert kunst?

Reiselivet: frå Sunnmøre som eksotisk kulisse for velfødde cruiseturistar og dagdrivande fjellvandrarar til sunnmøringane sjølv tok tak og utvikla reiselivsnæringa til ei av dei mest ekspansive næringane i distriktet. Utvikling frå vareproduksjon til opplevingsindustri med Devold-verksemda som døme. Starta i 1853 som den første konfeksjonsfabrikken på Sunnmøre. Fekk fram landskjende merkeplagg og var den desidert største arbeidsgjevaren i Borgund kommune gjennom fleire tiår. Så vart verksemda utsett for konkurranse frå lågkostland som gjorde at produksjonen til slutt vart flagga ut. Tilbake stod store og tome lokale som no inneheld museum som fortel om ei tid som var, og butikkar som byr fram varer som er laga i andre land – til turistar som for ein stor del også kjem frå andre land.

Djupdykk og syntese

I kor stor grad skal dette verket vere forskingsbasert? Tida vil her vere den største knappheitsfaktoren. Det finst i dag mange hundre bøker som fortel om folkeliv og næringsutvikling i bygdelaga på Sunnmøre. Dei viktigaste kjeldene for det komande verket om Sunnmøres historie vil vere desse bøkene, i tillegg verk som omhandlar andre regionar og bøker med ei meir fagleg drøfting av generelle og konkrete modellar for økonomisk utvikling. Ved sida av dette vil det vere nødvendig og nyttig å gjere djupdykk i visse kjeldegrupper for å få svar på spørsmål som vi finn særleg interessante og lite utforska, og for om mogeleg å få talfesta særlege utviklingstrekk. Det vil til dømes gjelde fangstmengdene i fiskeria då dei tok seg opp med nye båtar og reiskapar i midten av 1800-åra, vidare; kapitalakkumulasjon og reinvestering: Kven tente pengar på fiskeria, kvar vart pengane plasserte? Same spørsmåla må vi stille oss når den landbaserte industrien voks fram tidleg på 1900-talet og i mellomkrigsåra. Aktuelle kjelder som vi vil søkje tilgang til er, amtmannsberetningane, lensmennene sine femårsmeldingar, panteregistra og kommuneprotokollane i einskildhøve. Etter kvart er det mykje statistisk materiale, frå folketeljingar mm., som er lagt ut på Internettet og dermed er lett tilgjengelege.

I eit historieverk som dette kan ein ikkje trenge til botnar i alle problemstillingar og få svar på alle spørsmål som vi har stilt opp her, og kjem til å stille når nye problemstillingar avteiknar seg under arbeidet med prosjektet. Men vi kan i det minste setje opp ein del utfordringar som næringslivet og menneska i regionen har møtt, og drøfte korleis dei har vore søkt løyste. Berre ved å peike på utfordringane har vi kome eit steg nærare løysingane. Det er gjennom dei gode spørsmåla og problemstillingane ein kan sjå nye løysingar og ansatsar til svar.