Svartådalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei nedre setrane.
Foto: Arnfinn Kjelland (2005)

Svartådalen er ein seterdal sentralt i Trollheimen, innafor grensene til Rindal kommune. Setrane her er rydda kring 1730 av tre gardbrukarar frå Indre Romundstad i Rindalen. Seinare kom setrane på handel og vart oppdelte, slik at i 1810 hadde desse fire gardsbruka på Romundstad setrar i dalen: Oppistuggu Indre, Austistuggu Indre, Utistuggu Ytre og Austistuggu Ytre. I tillegg hadde Tretta øvst i Rindalen den nedste setra i dalen.

Utover 1800-talet begynte så gardbrukarar i Rennebu å kjøpe setrar i Svartådalen. Først var Bruholt, som kjøpte halvparten av seterretten til Austistuggu Ytre Romundstad i 1813. Sju år seinare kjøpte brukaren på Sørstuggu Grindal halvparten av seterretten til Utistuggu Ytre Romundstad, og om lag samstundes kjøpte Reitås den andre halvparten.

Dei midtre setrane.
Foto: Arnfinn Kjelland
Fangstgrop.
Foto: Arnfinn Kjelland

I 1825-26 kjøpte så Aunan seterretten til Oppistuggu og Austistuggu Indre Romundset og i 1849-51 kjøpte (truleg) Bruholt og Søstuggu Grindal delar av Trettsetra nedst i dalen. Siste delen av denne rindalssetra vart så kjøpt av brukaren i Bågåvoll i Meldalen før 1861.

Frå midten av 1800-talet får vi rimeleg oversyn over kva for setrar av dei vi finn att i dag dette gjeld. I 1872 vart setrane skyldsette, og i eit vedlegg til saka finn vi setereeigarane i dalen opplista. På dei nedste setrane, den som tidlegare høyrde til Tretta, var det no Søstuggu Grindal, Bruholt og Bågåvoll som setra. Bågåvollsetra vart så nedlagt tidleg på 1900-talet og retten kjøpt av dei to andre, som framleis står på den vide setervollen der. I den midtre grenda hadde Aunan og Reitås setrar. Aunan selde si seter til Øver- og Ner-Myran i Rennebu kring førre hundreårsskifte, og det er grunnen til at det framleis er tre setrar der (i heilt nyare tid er den eine delt og fjøset innreidd som fritidsbustad). Vidare er det nemnt setrar til Hoset, Nordistugu Grindal og ein grindalsgard ein ikkje er sikker på kven var. Den første galdt truleg den setra som framleis heiter Hosetsetra og ligg ved turiststien frå Jøldalshytta mot Trollhetta (og eigentleg ikkje i det som i dag blir rekna til Svartådalen). Setra til Nordstuggu Grindal vart sin gong kring 1900 seld til Nordstuggu Ås og står like før turiststien kjem ned til setervegen øvst i sjølve dalen. Den siste er nok Øyasetra, som ligg ved den øvste fossen i Svartåa.

Hosetsetra og Øyasetra var ikkje med i skyldsetjinga i Rindal i 1872. Da vart dei tre nedste setrane skyldsette til 60 skilling, revidert til 0,99 mark. Dei midtre vart sett til 32 skilling (0,53 mark) og den øvste til 13 skilling (0,21 mark).

Bågåvollsetra var elles turiststasjon for Trondhjems Turistforening i ein del år før Jøldalshytta vart bygd.

Ved stigen mot Trollheimshytta over Geithetta opp frå Litl-Svartåa ligg det elles nærare 10 gamle fangstgroper på rad, truleg ein del av eit fangstanlegg for villrein i eldre tider. Det er ikkje tradisjon om bruk av dette anlegget i Rennebu.

Litteratur

Koordinater: 62.84500° N 9.41910° Ø