Sykkylven Fargehandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven Fargehandel AS var ein fargehandel og teppebutikk i Aure sentrum. Grunnlegaren var Severin Bakke. Han kom til Sykkylven i 1944 og fekk seg då arbeid som ekspeditør i Sykkylven Handelslag. Men Bakke hadde hug til å drive si eiga forretning, og då Leif Holen hadde sett opp sitt forretningsbygg i Aure sentrum i 1947, fekk han leige forretningslokale der, og byrja med fargehandel. Dei første åra etter krigen var det lite varer å få. Så godt som all måling vart blanda for hand, så storparten av omsetninga var olje, terpentin, sink-kvitt og målingspulver.

I 1961 makeskifte han bustadhuset sitt i Nakkegata med Brudevollhuset og tilhøyrande tomt, og same året sette han opp eit bustad- og forretningsbygg på 200 m2 på denne tomta. Dette vart utvida i 1969, slik at det vart 500 m2 i tre høgder.

I 1969 kjøpte Severin Bakke det gamle ungdomshuset Valhall. Det vart rive, og i 1980 sette sonen, Finn Bakke, opp eit moderne forretningsbygg med ei grunnflate på 300 m3 i tre høgder på denne tomta. Fargehandelen vart så flytt dit. Varespekteret, som til då hadde omfatta måling, golvbelegg og tapet, vart utvida til også å gjelde gardiner og teppe. Firmaet hadde elles ei avdeling for plantevern i mange år.

I 1982 kjøpte Finn Bakke Teppe- og fargebua i Straumgjerde. Han hadde der eit utval i måling, og flytte dessutan heile teppeavdelinga dit. Då han overtok Sykkylven Fargehandel i 1981, vart gardinavdelinga i 2.høgda utskild og kalla Gardinbutikken A/S. Gerda og Severin Bakke stod føre drifta av dette firmaet.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.