Takle skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Takle skule i Takle krins ligg i Brekke i Gulen kommune.

Skulehuset

Skulehuset vart bygd i 1923. I 1932 kom det veg mellom Hjartholm og Takle, og elevane frå Hjartholm vart også sende til Takle skule. I kjellaren til skulehuset var det kjøkken og ein sal som vart nytta til matsal, gymsal, snikkarskule med meir. I hovudetasjen var det ei skulestove og ein lærarbustad. I tillegg til dette var det eit uthus med utedo og lagerplass.

Anna bruksområde

Skulehuset vart nytta av mange, også utanfor skuletida. Takle fråhaldslag og Hjartholm skyttarlag brukte brukte skulekjellaren til lagsmøte og festar. Festane måtte ikkje vare lenger enn til 02.00, og laga måtte gjere reint etter seg sjølve. I 1929 vart det halde snikkarskule i huset. I tillegg har det vore basarar og andre lokale arrangement. I 1971 vart det skipa eit andelslag som tok ansvar for ulike aktivitetar og vedlikehald av bygget. Andelslaget leigde også ut leiligheta i ein periode. 17. januar 2010 vart Takle-Hjartholm Grendalag skipa, og grendahus går i dag under namnet Haugartun.

Foto

Fylkesarkivet si fotosamling, Takle skule

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Haugartun - fortid, notid og framtid (2011). Takle-Hjartholm Grendalag

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.03226° N 5.36442° Ø