Tandseterstugu

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tandseterstugu med Skulemuseet i Lisser i vestre delen.
Foto: Arnfinn Kjelland (2011)

Tandseterstugu er ei tømrastugu frå Tandsetre. Ho stod i ei lykkje litt nord for garden, Tandkjørre, og skulle rivast i 1981. Lesjaskog Bygdesamling fekk ho som gåve, tok ho ned og flytte ho til Lisser litt vest for Lesjaskog kyrkje. Der vart ho oppsett i 1985-86, og i vestre enden vart Skulemuseet i Lisser etablert. I den midtre delen av stugu er det møterom med skorstein og rosemåla tak utført av Ragnvald Einbu frå ein av hotellbygningane i Mølmen. I den austelege delen er det inngang og eit lite kjøken / kontor til bruk ved arrangement.

Stugu skal vere frå 1700-talet .

Tandseterstugu inngår i Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja.

Kjelder

Koordinater: 62.2322594° N 8.344289° Ø