Teigavollen
Teigavollen er ein setervoll som ligg på Sørstuøya i Budalen statsallmenning i Midtre Gauldal kommune og har gnr. 402-1. Vollen høyrer til ein av Storbudalsgardane, Teigen, som har gnr. 171, bnr. 3. Talet på setre i drift i Budalen og Endalen var i 2012 til saman 11, sju i Budalen og fire i Endalen. For ein del år tilbake var det ein god del fleire, men talet på setre har gått stadig nedover. Det har vore ei gradvis avvikling frå heile 75 setre i første halvdel av 1900-talet til 48 setre i 1948, til 16 i 1993 til enda færre på 2000-talet.[1]
Landskapsvernområde
Budal statsallmenning er eitt av åtte landskapsvernområde som ligg omkring Forollhogna nasjonalpark. Vernet trådde i kraft i 2001 og har som formål å skulle ta vare på eit særprega natur- og kulturlandskap med tilhøyrande planteliv. Seter- og slåttelandskapet med seterhus, setervollar, løer og slåttebuer er ein vesentlig el av landskapets eigenart. Dette er den materielle sida av kulturminna i landskapsvernområdet. Men det er ogå ei immateriell side av denne kulturarven. Den handlar om alle kunnskapar, ferdigheiter og praksisar som har vore nødvendige for å halde drifta i gang i desse utmaksområda. Det er jo den tidligare bruken av områda som gjer at det i dag er noko som er verdt å verne. For å oppfylle verneformålet krevjast det derfor fortsatt drift. Likevel er det jo ikkje slik at folk kan kommanderast til å oppretthalde utmarksbruken. For det første må jo nokon drive gard med storfe og eventuelt småfe, og for det andre må dei ha eit driftsopplegg som gjer at seterdrifta kan innpassast. Det er slett ikkje gitt at slike vilkår er oppfylt i dag.
Referansar
- ↑ "Ho Johanne på Teigavollen i Budalen", i Trønderveven 2010-2012, s. 26-35.