Tele Silkeveveri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fabrikklokala til Tele Silkeveveri på Notodden. Fabrikken var oppført etter teikning av Frithjof Stoud Platou.
Foto: Grieg, Sigurd (red.), Norsk tekstil. 2, Oslo : Johan Grundt Tanum, 1950. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Tele Silkeveveri blei starta som eit aksjeselskap under namnet AS Tele Silkeveveri i 1936. Fabrikken låg i Bjørn Farmanns gate 3 på Notodden i Telemark og dreiv produksjon av vevde stoff til klesproduksjon.

Historikk

Initiativet til opprettinga av eit silkeveveri på Notodden blei tatt av direktør Olav Nilssen i 1936. Dette var same året som Kunstsilkefabrikken KUFA starta opp, og dei to verksemdene samarbeidde godt. På Notodden hadde Norsk Hydro nyleg flytta mykje av produksjonen sin til Herøya, og dei to tekstilfabrikkane var difor kjærkomne for byens arbeidarar.

Selskapet blei konstituert 9. oktober 1936, og i det fyrste styret sat ingeniør Karl Martens, direktør ved Tinfos H. B. Holta og Olav Nilssen. Ved oppstarten hadde selskapet ein aksjekapital på kr. 330 000,-. I 1958 bestod styret av Sam. Amundsen (formann), ingeniør Johan Bugge (sekretær), O. J. Skahjem og kjøpmann E. Etholm. John Gohli fungerte som dagleg leiar frå 1955.

Bygginga av fabrikken blei starta i 1936 og ferdigstilt våren 1937. Det var arkitekt Frithjof Stoud Platou som sørga for teikningane.[1] I mai blei dei fyrste vevstolane satt i drift. Maskinparken bestod frå byrjinga av 18 vevstolar. Mellom 1939 og 1942 blei det kjøpt inn 14 nye stolar, og i 1945 bestilte ein ytterlegare 20 samstundes med at fabrikkbygningen blei utvida og modernisert. Maskineriet blei seinare ombygd slik at vevstolane kunne køyrast meir automatisk. Ein skaffa seg også fire vevstolar utstyrt med jacquardmaskiner.

Silkeveveriet fekk dei fleste av råvarene frå Kunstsilkefabrikken (KUFA). Av råvarene produserte ein hovudsakleg fórstoff til konfeksjonsindustrien.

På det meste, i 1949, sysselsatte fabrikken 97 arbeidarar. Ein tredjedel av desse var kvinner. Etter moderniseringa vart bemanninga redusert slik at ein ved full drift kunne køyre to skift som sysselsatte kring 40 personar. Årleg produserte fabrikken omlag 500 000 meter vevde varer.

I 1960-åra endra fabrikken produksjonen frå silke til syntetisk fiber og leverte i hovudsak varer til industriverksemder. I 2014 tok private investorar over verksemda og heile bedrifta blei omorganisert og produksjonen flytta til Latvia. I dag heiter selskapet Tele Textiles.[2]

Arkiv

Eit arkiv frå styreleiar Karl Martens er bevart ved Norsk Industriarbeidermuseum. Arkivet inneheld årsmeldingar og rekneskap, innkallingar til styremøte med sakspapir, samt Martens korrespondanse, notatar og anna angjeldende Tele Silkeveveri. Lenke til oppføring på arkivportalen. Museet oppbevarer også ei fotosamling etter silkeveveriet. Sjå lista over fotosamlinga ved museet for meir informasjon.

Referansar

  1. Grieg, 1950, s. 377
  2. http://www.teletextiles.com/ (Lest 18. juli 2018, kl 13.00).

Kjelder

  • Bunkholt, Aasmund, Notodden handelsstands- og industriforening 1908-1958 : jubileumsskrift, Porsgrunn, 1958. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Hansen, Jens Christian, Notodden, Notodden, 1963. Lenke til digital utgåve på bokhylla.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • http://www.teletextiles.com/ (Lest 18. juli 2018, kl 13.00).