Telemark Skifabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Delar av Telemark Skifabrikk står i dag utstilt på Norsk skieventyr i Morgedal.

Telemark Skifabrikk, også kalla Telemarkens Skifabrikk, blei grunnlagt av Olav Bjaaland (1873–1961) etter at han kom att med «Fram» frå sørpolekspedisjonen til Roald Amundsen sumaren 1912.[1] Med pengar lånt frå Amundsen bygde han skifabrikken ved Kviteseidvatn. Her fanst det elektrisitet, og Bjaaland kunne difor montere dåtidas mest moderne maskiner i fabrikken og masseprodusere ski. Ettersom han hadde laga ski som vart nytta under sørpolekspedisjonen, blei skiene frå Bjaalands skifabrikk svært ettertrakta.

Saman med bror sin, Saamund Bjaaland, dreiv Olav fabrikken frå 1916 til 1933. Etter dette blei den overtatt av Trygve Feilberg og Einar Sudbø. Her laga ein ski og enkelte andre sportsartiklar. Fabrikken sysselsatte 3–4 mann kring 1950. Fabrikken eksisterte til 1960-talet.

Delar av skifabrikken står i dag utstilt på Vest-Telemark Museum, Norsk skieventyr i Morgedal.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Vest-Telemark Museum

Referansar

  1. I fylgje Sætherskar, 1949, blei fabrikken grunnlagt i 1911, men dette må vere feil.