Tinghaug (Gvarv)
Tinghaug, ved Gvarv i Midt-Telemark kommune, er ein historisk tingstad i Gamle Grenland, som omfatta bygdene Saude, Nes, Holla, Lunde, Bø, Drangedal, Heddal og Solum med Melum rundt Norsjø i Midt-Telemark. I dag er dette kommunane Nome, Midt-Telemark, Drangedal og delar av kommunane Notodden og Skien.
Staden har vore bygdeting, fyrst allting, seinare sendemannsting og skipreideting frå jernalder til mellomalder (ca 500 f.Kr – 1500 e.Kr.). Bygdene kring Norsjø møttest her til lovgjeving, rettsavgjerd og kunngjering for allmugen som samlast på Tjodvallsletta nedanfor Tinghaug.
Småkonge/høvding Harald Grenske blei fostra opp i Grenland hjå lendmann Roar den Kvite. Harald Grenske og Åsta Gudbrandsdotter fekk sonen Olav Haraldson Digre som fall på Stiklestad i 1030 og blei kanonisera som Olav den heilage.
I Kongebrevet av 1591 fekk lensherrane lov til å tilsette eidsvorne skrivarar ved bygdetinga, og Grenland fekk sin fyrste i 1593, Baltzer Jenssen. Han var den fyrste i ei lang rekke sorenskrivarar ved Nedre Telemark Sorenskrivarembete på Gvarv, som blei nedlagt i 2008.
Kilde
Teksten er henta frå tavla ved Tinghaug ved Gvarv