Totensangen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Totensangen (Totensongen) er skriven av Anders Hovden (1860-1943), som frå 1920 til 1931 var sokneprest i Østre Toten. Den vert mellom anna sungen på 17. mai.


Sjå desse bygder bjarte
ved Mjøsens fagre strand.
Ja, det er Noregs hjarte
og kjernen av vårt land.
På milevide vollar
i djup og villig jord
den gode grøda follar
og raust og rikt det gror.

Og gilde heimar glansar
av velstand og av trygd
imellom granskog-kransar
i denne breide bygd.
På gode vegar pilar
og køyrer folk so fort –
på hestar og på bilar
her er det ingen skort.

Her er det djerve bønder –
og sonen etter far
han sit på gamall odel
og dugleg driv sin gard.
Og folk dei er so snilde
og kvikke, kvar ein fer,
og dei er gjestemilde
på gamall fedra-gjerd.

Her er det solrik sumar
med varme over vang
og lugomt vinterføre
med lystig bjølleklang.
Og sola når um heia
den stutte vinterdag
og strålar langsmed Skreia
med slikt eit venlegt lag.

Her kjenner me oss heime,
og her me trivst og gror
og vilde ikkje byta
i nokon stad på jord!
I desse bygder bjarte
ved Mjøsens fagre strand,
ja, det er Noregs hjarte
og kjernen av vårt land.