Township (USA)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Plat map over Bergen Township frå ca. 1900.

Township i USA var i utgangspunktet den lågaste administrative eininga som vart opprette etter kvart som den europeiske busettinga spreidde seg vestover prærien. Det går attende til den oppmålinga som vart igangsett over alle område som var eigna for oppdyrking, i «seksjonar» på 1 x 1 engelsk mile (1609 meter). Ein slik seksjon vart dermed på 2599 mål (dekar) eller 640 acres.

Så vart 6 x 6 = 36 seksjonar sette saman til eit township, også det etter engelsk mønster. Townshipa kan kanskje samanliknast med våre herad frå siste del av 1800-talet. Dei var altså i utgangspunktet tilnærma firkanta og jamstore, altså 6 miles eller 9,6 km i kvar retning og 93,5 km2 eller 93.500 dekar i flate­inn­hald.

Dei som ville bysette seg i slike townships, måtte finne seg eit ledig område og registrere seg på landkontora, som heldt oversyn mellom anna ved å laga kart over kvart township, s.k. «plat maps» med jamne mellomrom. Desse karta ser ut til å ha namnet på eigarane av dei forskjellige delar av seksjonane på det tidspunktet kartet er trykt. Dei liknar på våre økonomiske kartverk, sjå dømet frå Bergen township kring førre hundreårsskifte.

Ein «normalfarm» var på 1/4 seksjon (ein «quarter-section», kvartseksjon eller knapt 650 mål), og den vart formelt identifisert med himmelretninga (NW, NE, SW eller SE). Seksjonane vart num­mererte frå den nordaustlegaste som nr 1 til den nordvestlegaste som nr 6, så gjekk dei eit hakk sørover og gav den nr 7, så vidare austover til nr 12 osv. (sjå Bergen-kartet). Det «offisielle» namnet («grunnboksnamnet») på ein amerikansk eigedom er sett opp med himmelretning og brøkdel av seksjonen med tillegg av nøyaktig definisjon av townshipet etter meridian og landområde-grense.

Ser vi på Bergen-kartet finn vi farmen til O. (Ole) J. Enstad som «SE 1/4 of Section 10, Township 149 North Range 60 West of the 5th Meridian». Dette tilsvarar altså gards- og bruksnumra våre. Ein farm kunne og kan sjølvsagt bestå av fleire slike «bruksnummer», når eigaren har kjøpt saman fleire parsellar. Kartføringa er litt forskjellig frå det vi er vant med. Av Bergenskartet ser vi at seksjonsnumra og grensene er påført, og så namnet på eigaren.

Det kunne altså vere 144 farmar i eit slikt township, men så nøyaktig regulerte vart dei nok sjeldan. Nokre farmarar sikra seg fleire kvart-seksjonar ved homestead og kjøp. Andre område var av dårlegare bonitet slik at dei ikkje vart tekne i bruk, noko vart bandlagt til offentleg formål som skular og jernbaner og nokre stykke var så gode at dei vart delte opp i mindre bruk. Og så vart det som regel bygd (minst) ei kyrkje i kvart township, i alle fall på den tettbygde delen av prærien.

I storparten av USA – bortsett frå «norske» område som Minnesota og Dakota-statane – er elles township-nivået avvikla, og countyet er i dag den lågaste administrative eininga.

Kjelder