Trusty Steed Tractor NTS 287 Mk2, 1952-mod

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Trusty NTS 287. Front
TRUSTY NTS 287 03 Namn og serienr
TRUSTY NTS 287 V side m hengar
TRUSTY NTS 287, importør, leverandør
TRUSTY NTS 287, nypussa, ny dekal på seteryggen
TRUSTY NTS 287, originaldekal på seteryggen

Trusty Steed Tractor NTS 287 Mk2, 1952-mod Produsent: TRACTORS (London) LTD., THE WHITE HOUSE, BENTLEY HEATH., BARNET., HERTS, ENGLAND produsent av til dømes wiregravemaskiner, store tilhengarar og General/Rushton traktor 1928 -1934 i samarbeid med AEC (som laga dei berømte toetasjers Londonbussane).

Døme på dokumentasjon: Arnulf Jensen: Veterantraktorer i Norge har med ei annonse s. 11. Ruston, Proctor & Co. Ltd, damptreskeverk og lokomobiler.

Norsk importør: MASKIN A/S EKSPEDIT, Nordahl Brunsgt. 1 – Telf. 17172, BERGEN. Arnulf Jensen: Veterantraktorer i Norge har s. 77 med at dette firmaet vart ein av fleire importørar av David Brown nokre år etter 1946. Fyrste eigar, Steinar Kvalsvik, har då kjøpt to traktorar med same firma av forskjellig merke med nokre få års mellomrom.

Produksjonstid: Sjå: http://www.vhgmc.co.uk/survivors/trusty-steed-register/ (etter internett-liste frå Trusty-entusiastar) ca. september til november 1952.

Det er vel lite truleg vår Trusty har vore køyretøyregistrert i Noreg, grensa for registrering var lenge 20 km/h for traktor. Denne går truleg max. 10 km/h.

Motor

Modell: Norton big four 1952-mod. Stasjonærmotor m/kjølevifte, kjøledeksel og turtalsregulator

Brennstoff: Bensin

Type: Sideventilert, 4-takt

Drivstofftilførsel: Forgassar: Amal 225/9, Birmingham, England, frå overliggande tank. Forgassaren har turtalsregulering frå spjeld i kjølelufta frå kjølevifte

Tenning: Magnet (sjå El.anlegg)

Boring: 82 mm

Slaglengde: 113 mm

Kubikkinnhald sylindar: 598 ccm (innslege på blokk 82/113, produsert frå 1947)

Effekt: 14,5 HK (truleg SAE) v/4500 o/min (for stasjonærmotor konstruert 1920)

Max. turtal: Noko over 4500 o/min då spjeld-/kjøleluft-regulatorane gjerne «jagar» ein del

Kjøling: Direkte til luft. For stasjonærmotor med kjølevifte på utgåande aksel

Smøring: Tank utvendig i framkant for kjøling for motorolje for stasjonærmotor. Der er sirkulasjonspumpe. Veivhus-ventilasjons-røret peikar bakover på drivkjedene. Praktisk og greitt, men gir skiten traktor

Ventilar: Sideventilar med underliggande kam og skrujustering

Ventilløftar: Skive for løft under kontramutter på eksosventil for ventiljustering

Ventilklaring: Vel 0,2 mm for inn og 0,4 mm ut inn til original-informasjon føreligg

Tiltrekkingsmoment topploksboltar: 45 Nm er valt ut frå alu-topp og parallell info og boltdiam for tilsvarande motorar

Tenningsanlegg: Modell: M 01 L, 46028B. Type: H 3, 52 og med pil for dreieretning (sett mot drivende, pil mot V). Høgspentside målt til 52 kiloohm, lavspentside 3,6 ohm

Tennplugg: Campion NA-8 (Ø 13,6 mm med ¾-toms gjengelengde). Den er truleg ikkje rett, men fungerar

Girkasse med clutch ved motor

ALBION HCJ 398 Liten, kompakt greie med tørr fleirlamell framdriftskobling høgre side/kjedehjulsende med utløysararm venstre side. Den er festa til motor med brakett med strammeanordning for kjede

• Har tre gir framover og ein revers, 3 + R

• Inngåande aksel har ytre kjedehjul (kort kjede frå motor)

• Utgåande er hylseaksel, utanpå inngåande aksel. Har indre kjedehjul (lang kjede til tversgåande fordelingsaksel til bakhjul, i framkant nedvekslings-girkasse under sete)

• Inneheld gearolje

TT s. 41. Rett bak motoren sit girkasse Albion H 3. Så har ting utvikla seg traktor for traktor

Nedveksling bakgirkasse, hjulutkobling, styrebremser, sluttreduksjonar og kraftuttak

Sjå vedlagte bilete, kasse under sete:

Framanfrå og bakover

Tverraksel i forkant med: Inngåande kjedehjul frå girkasse og utgåande kjedehjul til PTO/kraftuttak/reimhjul bak kasse. Tverraksel endar på begge sider i hjulutkobling/styrebrems-mekamisme

På hjulutkobling kjedehjul der kjede går til inngåande kjedehjul på sluttreduksjon. På same inngåande aksel sit bremse (frå Norton motorsykkel)

Begge sider, utvendig på kassa. Sluttreduksjon. Lite tannhjul, inngåande aksel til stort tannhjul , utgåande aksel med bakhjulmed sporviddejustering

For bruk av PTO (reimhjul bak reduksjonskasse) må ein setje på kjede frå midtre kjedehjulpå tverraksel

I traktoren er brukt ca. 10 m ½-toms kjede

Bremsemekanisme

Fotbremsepedal med parkeringslåsing for høgre fot, førar

Overføringsstag til «tveråk» for deling til begge bremser

På «tveråk» doble trekkstag med gliding mellom for bruk av både køyre og styrebrems

Justering på mange stag for balansert bremsing

Trommeldiameter innvendig Ø 127 mm eller 5-tom. Breidd bremsesko 19 mm el ¾-tom

På begge sider av sete spak for hjulutkobling og styrebrems som for stor tohjulstraktor (hugs, her er ingen differensial)

Hjul og dekk

Framme: Tredelt breiddejusterbar pendlande aksel for sporvidde-justering. Styredekk, jordbruks-type, 4.00 x 15

Bak: Sporvidde-justering stillbar på utgåande aksel. Jordbruksdekk m/ribber. 6.00 x 16

Reiskapsløft

Mekanisk type med tannsektor, lang spak med låseklype, tverraksel med løftearmar og stillbare balansefjøyrer for lett løft og senking tilpassa reiskapen

Der er ikkje trekkstenger slik ein kjenner det frå dagens trepunktsoppheng, men ei løysing som liknar på seinare norsk trekkrok for tilhengar eller det som i Sverige er kalla landbruksdrag, hengsla/opplagra i framende

Der er og to løftearmar på tveraksel i framkant av girkasse meint for løft av midtmontert reiskap. Døme: Slåmaskin, hyppeplog og harv

Elektrisk anlegg

Frontlykt: Frå samtidig Norton motorsykkel. Dianeter 180 - 200 mm

Dynamo: Dynamo førebels ukjend men laderegulator passar truleg saman med ein: LUCAS E 3, 6 V, 60 W

Dynamo og batteri har forsynt ei stor frontlykt og ei raud baklykt på venstre side. Deler frå Norton motorsykkel 1952

Tenningssystem og dynamo i same eining som for motorsykkel


Trusty Steed NTS Mk II sin produksjon

TT s. 42: 1950 – 1967 produsert 327 stk. Årstal/stk: 1950/40, 1951/70, 1952/60, 1953/17, 1954/10 – 1967/siste traktor. Her snakkar ein om «spesial made for you» som mange tenkte var noko nytt langt ut på 1980-talet då traktorprodusentane opna for ei slik ordning att

Trusty sin totale produksjon av to- og fire-hjulstraktorar frå 1935 (nemnt 25 stk to-hjuls-traktorar dette året) til 1967 var noko meir enn 14000 stk

Motorar brukte av Trusty var av kjende merke: Villiers, Lend Lease, Wisconsin AEH og AAH, Briggs & Stratton ZZ, Douglas, JAP, Norton og til slutt Petter diesel

Hjulutrustninga var gummihjul framme. Bak kunne ein velge, som for største tohjulstraktor, mellom gummihjul, jernhjul og berre for firehjulstraktor halvbelte med strammehjulet bak drivhjul

Traktoren var laga for såkalla oversjøisk eksport med tanke på at gardsvegane verda rundt var for smale for dei normale firehjulstraktorane og at den var hendig i hagebruk

Av britiske samarbeidspartnarar er oppgitt Albion på girkasse og slåmaskin og Greyhound på markplog. Begge desse laga hestereiskap og dreiv heftig FOU (forsking og utvikling) for å tilpasse seg ei ny tid

Import til Noreg

Her er det det greit med ei forklaring. Frå 1945 til ca. 1960 var det ei heftig posisjonering for maskinsal frå import. For Austlandet var Oslo sentral. For Vestlandet og kysten var Stavanger og Bergen sentrale. Importør-historia skifta frå dag til dag denne tida. Den som er brennsikker på historia her må dato-stemple den. Ellers kjem ein skeivt ut

Stabil over mange ti-år var Eik & Hausken som Ford-importør. Då Ferguson valde eigen produksjon av traktor med sitt patenterte Ferguson-prinsipp frå 1936 fekk Eik & Hausken forespørsel om å forhandle denne og oppretta Eikmaskin. Ein importør til kvart merke. Ettertida har bevist dette som ei ryddig og grei ordning. Begge forhandla tidleg det hydrauliske lesseapparatet Horndraulik, eit amerikansk patent

Norsk importør er i boka TT, skrive som Eik and Hauskins, i norsk språkdrakt Eik & Hausken. Desse var importør og forhandlar av Trusty tohjulstraktorar, ukjent kor lenge

Til Eik and Hauskins er notert for eksport tre Trusty Steed NTS Mk 2 med halvbelte. Om desse verkeleg vart sende har ein ingen bevis på førebels. I og med at dei er importør av merket er truleg årstalet 1950. Då dagens eigar av nr. 287 tok kontakt med dei britiske Trusty-entusiastane for registrering fortalde dei at det var fyrste gong det var registrert norsk kjøp av MK 2

Skrivaren her snakka for ein god del år sidan med ein eldre kar som meinte å vite, men dessverre, utan å notere namnet på vedkomande. Svaret var at Trustyen vart vurdert å kome i konkuranse med samtidig Ford N 8 og at den dermed ikkje vart teken inn til Noreg av Eik & Hausken. Kanskje det dukkar opp meir informasjon etter denne artikkelen

Så finn ein denne Trusty Steed NTS Mk 2 nr. 287 på Hareid på Sunnmøre. Importør er Maskin A/S EXPEDIT, Nordahl Brunsgt. 1, Telf. 17172, BERGEN. Importøren er notert som ein av importørane for David Brown s. 77 i Arnulf Jensen: Veterantraktorer i Norge

Norske eigarar for nr. 287. Årstala er nesten sikre

Steinar Kvalsvik, bruk 41 Finnsgarden, Hareid i tidsrom 1953 – 1955 (du er på Finnsgarden når du kjem i lang frå ferga). Steinar Kvalsvik hadde tidlegare bygd om fleire brukte bilar til biltraktorar. Dermed kan ein sjå det slik at det låg mykje mekanikkunnskap bak dette Trustykjøpet. Etter Trusty kjøpte Finnsgarden ein David Brown. Trustyen vart då seld til svogeren, Jon Meek i Austefjorden

Jon Meek, bruk Reitane 48/1, Austefjorden brukte Trusty til «trekkdyr» til firehjula vogn, heime hos seg sjølv og til leigekøyring frå 1955. Sist ei tohjula vogn med framhjula frå staskjerra, skyssvogna til Maaens Hotell. Hotelleigar og opphav til hjula var bestefaren til Jon, Didrik Maan. Maan brukte staskjerra til skyss mellom hotella i Austefjorden og Bjørke i tida før den norske økonomien fall saman i fyrste verdskrigen. Gjenbruk og sirkulær økonomi er altså ikkje noko nytt. Om det var brukt markplog og hesteslåmaskin etter traktoren veit ein ikkje

Jon hadde bilsertifikat og køyrde lastebil. Han var vernepliktig sjåfør i norsk forsvar og vart kalla inn til teneste i 1940, til Setnesmoen på Åndalsnes, kanskje med eigen bil. I fylgje samtidig innkalla var han å sjå mange plassar under kamphandlingane. Til dette høyrde og ammunisjonskøyring til dei harde kampane på Kvam i Gudbrandsdalen. Sjølv sa han lite om krigsopplevingane

Ein mangeårig områdeleiar i utrykningspolitiet fekk si alt for tidlege opplæring i bruk av køyretøy på denne traktoren på sommarferie hos onkel Jon

Karin og Inge Håvik, 48/1, Austefjorden overtok bruket med traktor etter Jon. Traktoren, ofte med Karin som «pilot», var i bruk til den vart avløyst av ein Ferguson TEF 20

Jørn Inge Håvik, 48/1, Austefjorden er i dag eigar av bruk og traktor og har lagt frykteleg mange timar i å «spøte oppatt» oldefar, morfar og foreldra sin tilårskomne traktor. Stor takk til han. Berre å få sjå dette «klenodiet» får godt vaksne menneske til «å falle i stavar» som det ofte vart formulert i tidlegare tider

Bruk i driftstida

Traktoren vart truleg kjøpt til Hareid av den grunn at gardsvegane var for smale for Ferguson TEA/TED, Ford N 8 og tilsvarande størrelsar. Med same grunn kom den nok inn på Reitane. Reklama fortalde at denne Trustyen gjorde arbeid for to hestar. Det var ei tid med mykje prøving for å skifte ut øyken som åt mat for tre kyr

Bruken var «å få møka ut og graset inn» slik dei fåmelte karane sa. Når dei drog opp «gassen» til fullt pådrag var det to uttrykk som var mykje brukt. «Anj fekk det anj Ola Bønå ga merra, full havre». Eller «full tamping». Ein tamp er ein tauende. Anten fekk traktoren juling, eller så drog den så hardt som tauet tolde. Mykje har minst dobbel meining. Så kven han Ola Bønå (kanskje N. N. i vår språkbruk) og kva meininga med tve-tydige (tve tyder 2 - to) utsagn var er ikkje godt å vite

Om ein ikkje kjøpte nytt utstyr i same investeringa så bygde ein om hestereiskapen. Hjulsleden, møkavogna, høyvogna, hesteslåmaskina, markeplogen for hest, hyppeplogen til potet

Der bakkane var bratte brukte ein tau eller wire om ei eller fleire «kasteblokker». Ei kasteblokk, på sjøen kalla ei fotblokk, er ei blokk som endrar retning på tau og wire

Så kunne ein bruke traktoren på ein veg, eller køyrbart område, i nærleiken og hestereiskapen i åker og eng utan ombygging. «Det gjekk med raut og gaul» sa dei ofte. Det var ikkje alltid traktorpiloten og den med reiskapen såg kvarandre medan arbeidet pågjekk

Jørn Inge hadde fått spørsmål om han visste at traktoren «stupte kråke» ut for køyrebrua i Finnsgarden på Hareid i 1953. Oldefaren, Mads, hadde kome seg av i siste liten

Ein slags konklusjon er ein liten, kjekk, heilt vanleg traktor som lik mange samtidige merke tapte i konkuranse med «Fergusonsystemet», den hydrauliske, «fingertip»-styringa for automatisk vektoverføring til drivhjul ved jordbearbeiding med jordsøkande reiskap

«Fergusonsystemet» vart brukt i Ferguson frå den sin produksjonsstart. Tidlegare produsert på lisens i David Brown, Ford og andre merke

Bygdesmedane hadde vorte mekanikar og der var maskinistar på alle fiske- og fraktebåtar. Ikkje minst hadde mange vore i krigen og sett og brukt teknisk utstyr. Heimelaga utstyr frå denne tida var godt. Ein god del slike bygdesmed-greier kom ofte i serieproduksjon frå norske reiskapsfabrikkar. Døme: AMV - Austefjord Mekaniske Verkstad. Driven av Petter Leite, jamaldra med Jon Meek, innkalla til same krigen og like ihuga på å få samfunnet i gang att til beste for neste generasjon. Her vart produsert landbruksvinsjar og to- og firehjulstraktorar vart tilpassa sin praktiske arbeidskvardag, også denne Trustyen

Galleri for traktorkropp

Galleri for Norton big four stasjonærmotor

Kjelder

Informantar

  • Jørn Inge Håvik f.1964, eigar og restaurering. Verktøymakar. Lagar deler til veteranbruk. Brukar av Trusty frå lav alder
  • Karin Håvik f. 1943, tidlegare eigar
  • Inge Håvik f. 1941, tidlegare eigar
  • Sverre Førde f. 1943
  • Rasmus Sandnes (1930 – 2019)
  • Svein Kvalsvik f. 1943, onkel Jon fekk fram køyretøyinteressa i småguten
  • Oddvar E. Høydalsvik f. 1951(skrivar). Skrivaren -ein aldrande mekanikar - har hatt stor glede av å delta i arbeidet med å «spøte oppatt» denne heilt spesielle traktoren i norsk samanheng

Kategoriar