Tussejuv

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tussejuv sett austover frå Gullnesvegen.
Foto: Roy Olsen (2019).

Tussejuv (veg) i området Gravshaugane i Seljord kommune er ein blindveg som går austover frå krysset med Gravshaugvegen og Gullnesvegen.

Vegen er 93 m lang og har namn etter den gamle plassen Tussgjuv under Bringsås som låg i området. Busetnaden består av fem einebustader, tre med sokkeletasje.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Flatin, Tov: Seljord II. Seljord kommune 1945.


Koordinater: 59.48563° N 8.62169° Ø