Tvinnefossen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tvinnefossen i Klebersdalen ved Randabygda, Stryn, har i seinare år blitt ein stor attraksjon. Om somrane kjem turistane i hopetal, parkerer ved Rand skule og går austover ein god kilometer på flat veg til det store fossefallet.

Men Tvinnefossen har vore kjend og beundra i lange tider. I 1824 skreiv biskop Jacob Neumann (1772-1848) etter ei visitasreise at ein kunne ikkje unngå å bli merksam på fossen i "Tvinderem-elven". Forfattaren Jens Kraft (1784-1853) skreiv i boka "Det Vestenfjeldske Norge (1830) om "et anseeligt Vandfald" på Tvinnereim.

Det finst ikkje andre stader i landet der ein kan gå turrskodd under ein så stor foss. Så seint som for ein del tiår sidan heldt gardbrukarane på Tvinnereim oppe tradisjonen med å leie eller jage "gaardens kreaturer" på stien mellom fossen og fjellet, som Amund Helland (1846-1918) skreiv i boka om Nordre Bergenhus Amt (1901).

Kelder og litteratur

  • Nordfjordboka. Kulturhistorisk vegvisar. 2016.
  • Jon Tvinnereim: Eigne opplevingar og minne.