Tysvær Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tysvær Historielag vart skipa i 1988. Logoen er knytta til utvandringa til Amerika. «Restaurationen» segla frå Stavanger 4. juli 1825 med 52 menneske om bord, og mest halvparten av dei var frå Tysvær. Cleng Peerson hadde førebudd reisa og stod og tok i mot dei i New York. Tysvær er ein utvandringskommune. Frå 1866 til 1900 utvandra 627 frå Tysvær og 928 frå Nedstrand kommunar.

«Føremålet til laget er å fremja interessa for slekts- og lokalhistorie ved å samla inn og ta vare på historie og tradisjonar som kan fortelja ettertida om dei vilkår folk i Tysvær og tilstøytande bygdelag har levd under gjennom tidene. For å nå dette målet skal laget samla inn skriftleg og munnleg materiale, bilete, tradisjonar og minneoppgåver, stadnamn og ord som er eller har vore i dagleg bruk i lokalsamfunnet.» Dette er § 2 i vedtektene for Tysvær historielag. Denne paragrafen er grunnlaget for arbeidet i laget.

Her kjem eit utval av det laget har arbeidd med dei siste åra - pluss aktuelle prosjekt:

  • Artikkelserie i Tysvær bygdeblad i samband med hundreårsjublileet i 2005. Artiklane er samla i eit eige nummer.
  • Gustav Skorpe sitt skrift: ”Saker frå Rettsapparatet, 1650 til 1675 frå nærområdet til Tysvær kommune.”kom ut i 2007.
  • Oppspora, henta heim og restaurerte ”Tysvær-fana” som blei sendt over til utvandra Tysvær-buar i 1927. Fana blei gitt til ordførar Harald Stakkestad 17. mai 2009 og er no vel oppbevart i ein glasmonter ved ”Reisen til Amerika” i Tysværtunet.
  • Laget var arrangør av ein studietur i ”I Cleng Peersons fotspor” i september 2009. Styret planlegg også ein tur i 2015. Då er det 190 år sidan «Restauration» forlet Noreg i 1825.
  • I slutten av november 2015 arrangerte laget tur til Clifton, Texas "I Cleng Peersons fotspor", der Cleng Peerson døde i 1885. Formålet med turen var: 1. Åpning av "Cleng Peerson farm" som var kjøpt av tysværbuen Thomas Mannes. 2. Legge ned krans på Cleng Peersons grav, 150 år etter hans død. 3. Delta i den årlige "Norwegian Country Christemas Tour" i Clifton.
  • Boka ”Matkultur i Tysvær. Kvardag og fest, før og no” vart den store bok-julegåva i Tysvær i 2009. Det vart seld over 800 bøker frå boklansering i ”bLEST-veka” i november til årsskiftet.
  • Boka om Hans Rønnevik, utvandra Tysværbu, farmar og forfattar- kom i november 2010.
  • Kvar Midtsommarfest har laget ei samling på Hesthammar gamle skule + historiske vandringar.
  • 2011 - 2014 digitaliserte bildearkivet som historielaget har overteke frå Tysvær Bygdeblad i eit samarbeid med kulturkontoret.
  • 2015 - Starta med å gi ut årbok kvart år med navnet "Vingespenn"